Politiet fekk melding om ulukka klokka 1805.
– Det er meldt at ein bil har køyrd inn i veggen til DNB sitt banklokale i Laguneparken. Det er meldt at det var éin person i bilen, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt.
Politiet har fått opplyst at bilen skal ha køyrd på den seks felt breie vegen i retning mot Bergen lufthavn då ulukka skjedde.
Bilen skjena over ein midtrabatt og tre motgåande køyrefelt, eit fortau, gjennom eit gjerde, ned ein mur, over ein asfaltert plass og inn i veggen på bankfilialen.
– Utruleg
Gisle Antun var politiets innsatsleiar på staden.
– Det virkar ikkje som nokon er alvorleg skadd. Det er godt at det ikkje gjekk verre. Dette ser ut som eit helserelatert uhell. Sjåføren var åleine i bilen og blir tatt hand om av helsepersonell, sa han til NRK.
Lagunen-området er Bergens største kjøpesenter, og tett trafikkert med både bilar og mjuke trafikantar. Mellom anna ligg ein stor MacDonalds-restaurant vegg i vegg med DnB-filialen.
– Det er utruleg at verken sjåføren, møtande bilar eller fotgjengarar vart skadde av utforkøyringa, i følge Anthun.
Det var ikkje folk i banklokalet då bilen brasa gjennom fasaden på bygget.
Sjåføren var ein mann i 60-åra. Etter kollisjonen var han vaken og medviten, men desorientert. Han vart send til Haukeland universitetssjukehus for undersøking. Det er ikkje kjent om årsaka til ulukka var eit illebefinnande.
– Politiet etterforskar saka. Det er ikkje mistanke om rus, opplyser operasjonsleiar.
– Plutseleg høg fart
Sjåfør Bjørn Sunde i Bergen Taxi var vitne til hendinga. Han fortel at bilen var på veg inn i retning Lagunen storsenter.
– Han hadde først veldig låg fart då den køyrde inn i midtrabatten. Så gav han plutseleg fart. I ein grådig speed køyrde han rett over midtkonsollen i rundkøyringa her borte, over i motsett køyrefelt, gjennom eit gjerde og inn i DnB sine lokale. Bilen hadde minst 80 km/t då han traff lokala her, seier Sunde.
Han meiner dette ser ut som eit uhell.