Hopp til innhold

Kranglete natteranglarar har sett politiet i arbeid

Siste helga før jul har politiet sin operasjonssentral i Vest fått inn ei rekkje meldingar om slagsmål. I Sogn og Fjordane har folk slått laust på kvarandre både i Florø, Sogndal og på Nordfjordeid.

Politi
Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– Det har vore travelt, for å seie det rett ut, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Bergen.

Søndag morgon kan han samanfatte politinatta i Sogn og Fjordane med oppdrag i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Felles for dei fleste av oppdraga er rusa folk, ofte med litt kort lunte.

Florø – like over klokka 02: Politiet rykte ut til serveringsstaden Hjørnevikbua der fire personar hadde barka saman i eit slagsmål. Det hadde vore bråk på staden ei god stund, men då politiet kom til staden roa det seg, seier operasjonsleiaren. To av dei involverte vart viste vekk på staden, og politiet kjem ikkje til å opprette sak i etterkant.

Florø – like før klokka 03: Ein person kan vente seg eit oppgjer med politiet etter at han av ukjent grunn sparka først i ein bil og så til ein annan person. Politiet veit kven personen er, og kjem til å opprette sak.

Førde – rundt klokka 0230: Politiet måtte rykkje ut til ein privat bustad der det var meldt om bråk. Det viste seg at ein fest hadde gått litt over styr, og politiet fekk avslutta det festlege laget.

Nordfjordeid – like før klokka 02.30: Politiet sin patrulje rykte ut til Pizzahouse etter melding om slagsmål. Ein av dei involverte blødde frå hovudet og fekk skyss av politiet til legevakta. Operasjonsleiar Thue kan søndag morgon ikkje seie noko om kor alvorleg skadd vedkommande var.

Sogndal – rundt klokka 03: Også her måtte politiet rykke ut etter melding om slåsting, denne gongen ved busstasjonen i Sogndal. To personar hadde barka saman og den eine av dei to hadde fått eit kutt under eine auget.

– Det vil bli truleg oppretta politimeldingar på ordensuro etter slåstinga både på Nordfjordeid og i Sogndal, seier Thue.

Krangling og slåsting på denne tida av natta om helgane er ikkje noko nytt for lovas lange arm.

– Det er dette med at folk skal heim, dei skal ha seg nattmat og med klart vêr og ikkje noko nedbør, då blir det fort litt krangling.