I ei estisk økonomiavis kritiserer Emblem den estiske foretningskulturen, og seier at i Norge er det slik at ein held seg til dei kontraktane ein inngår.
- Alexela derimot, betaler ikkje rekningane sine, seier Emblem.
Styreformannen i Alexela Logistics, Heiti Hääl, avviser påstanden, og seier dei oppfyller alle faktisk inngåtte avtalar.
Bakgrunnen for krangelen er salet av Vest Tank. Dei første papira vart underskrivne to dagar før eksplosjonen i to tankar i mai, men sjølve overtakinga skjedde 1. august. Etter det Bergens Tidende kjenner til skal kjøpesummen ha vore rundt 160 millionar kroner.
Alexela held tilbake deler av kjøpesummen på grunn av at eksplosjonen kompliserer verdifastsettinga.
- Sluttoppgjeret kjem an på kor store reperasjonskostnadene blir, seier Heiti Hääl.