– Vi meiner brannen oppstod etter at det vart drive sveisearbeid på skjenegangen tidlegare på dagen, seier informasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring til NRK.
Forsikringsselskapet har saman med NSB saksøkt staten, Norsk Jernbanedrift og Gjensidige for 148 millionar kroner etter den store togbrannen ved Hallingskeid 16. juni 2011.
Måndag denne veka starta rettssaka i Oslo tingrett. Regresskravet frå Tryg er det største i norsk historie frå eit forsikringsselskap.
Passasjertog slukt av flammane
Over 250 menneske i eit passasjertog frå NSB vart evakuert då det braut ut kraftig brann i snøoverbygget på Hallingskeid på Bergensbanen. Brannen spreidde seg fort til togsettet som til slutt vart slukt av flammane.
Toget vart fullstendig utbrent og totalskadd men til alt hell kom ingen av passasjerane til skade. NSB fekk 148 millionar kroner utbetalt i erstatning frå forsikringsselskapet Tryg for skadane.
- LES OGSÅ: Sveisearbeid starta truleg brannen |
Ingen av dei over 250 passasjerane vart skadd då brann i eit rasoverbygg ved Hallingskeid spreidde seg til togsettet 16. juni 2011. No vert det krangla om store erstatningssummar etter brannen.
Foto: Ida Hovde / SCANPIXVil ha pengane tilbake
Men etter at Havarikommisjonen la fram ein rapport som sa at sveisearbeid på snøoverbygget var den mest sannsynlege brannårsaka, ville Tryg ha pengane tilbake.
- «Statens havarikommisjon for transport ser svakheter i Jernbaneverkets prosedyrer for varme arbeider vedrørende krav til risikovurderinger og etterkontroll», heiter det i rapporten.
– Vi meiner at Jernbaneverket skal betale ut den erstatninga som vi har betalt ut til NSB. Det er ikkje meir komplisert enn det, seier informasjonssjef Ole Irgens i Tryg forsikring.
Motpartane med Gjensidige og Jernbaneverket i spissen krev full frifinning frå pengekravet.
To veker lang rettssak
Oslo tingrett skal bruka 14 rettsdagar på saka. Mellom anna skal dei på synfaring ved brannstaden på Hallingskeid.
Forsikringssummen som Tryg no håpar å få igjen, får dei truleg dersom retten finn det bevist at brannen skuldast sveising
– Det er ei omfattande sak. Eit heilt sentralt tema i tvisten er sveisinga på linja som skjedde ei tid før brannen oppstod, seier konsernadvokat Jardar Aas i Gjensidige til NRK.
– Frå dei saksøkte si side blir det avvist at det er det som er årsaka til at det byrja å brenna.
UTBRENT: Det var ikkje mykje att av passasjertoget som vart slukt av flammane under brannen på Hallingskeid for fire år sidan.