Hopp til innhold

Rettsstrid om logoar: Er desse to for like?

Loen Skylift meiner logoen til Voss Gondol er for lik deira eigen. No krev nordfjordingane erstatning, og at vossingane får forbod mot å bruke logoen.

LOEN SKYLIFT SAKSØKER VOSS GONDOL FOR LOGO-PLAGIAT

TIL SAK: Loen Skylift AS har gått til sak mot Voss Gondol på grunn av logoen til høgre.

Foto: Skjermdump/bildemontasje

Denne veka møtest Stryn-selskapet Loen Skylift og Voss Gondol i Bergen tingrett for å få ei avgjerd i logospørsmålet.

Det vart tidlegare i år kjent at Loen Skylift gjekk til sak mot Voss Gondol med skulding om plagiat. Loen Skylift meiner logoen til Voss Gondol liknar for mykje på deira eigen.

Gondolbana i Stryn opna i 2017, mens den nye gondolbana på Voss opna i fjor.

Dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift meiner vossaselskapet har teke grafiske element frå logoen deira når dei har utarbeidd sin profil.

– Vi har brukt store ressursar på å forme ut ein logo og korleis vi profilerer oss. Det har ikkje vore ein billig jobb, seier Grov.

Voss Gondol

LOGO: Logoen til Voss Gondol.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Aviser påstandar

Dagleg leiar Øyvind Wæhle i Voss Gondol opplyser at han ikkje ønsker å kommentere saka før dommen ligg føre.

I retten avviser Voss Gondol alle påstandar om at dei har etterlikna logoen til selskapet i Stryn, melder Avisa Hordaland. Ifølgje avisa avviste forsvarar Kjersti Rogne alle påstandane frå Loen Skylift.

– Voss Gondol har ikkje gjort ei ulovleg etterlikning, heller ikkje er det fare for utveksling, og Voss Gondol har ikkje opptredd i strid med god forretningsskikk, sa Rogne i sluttinnlegget.

Designaren som har utarbeidd logoen peikte i retten på fleire skilnader mellom logoane, skriv avisa.

Det kom også fram i retten at to logoalternativ blei droppa tidleg i prosessen, det eine fordi det var for likt logoen til Loen Skylift, det andre fordi det var for likt profilen til anlegget i Myrkdalen.

Dosent Trond Blindheim ved institutt for marknadsføring ved Høgskolen Kristiania, meiner ikkje logoane er for like.

– Når eit reklamebyrå utarbeider logoar tenker dei; kva grafisk symbol skal vi bruke på ei gondolbane? Det er den vaieren som går skrått opp og det som heng under. Det er ein assosiasjon eg trur dei fleste som utarbeider logar ville kome på, seier Blindheim.

– Eg trur ikkje dei kjem noko veg med ei rettssak, seier han.

Loen Skylift

LOEN SKYLIFT: Loen Skylift opna i Stryn i 2017.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Håpar på logoendring

Grov i Loen Skylift understrekar at dei har ønskt gondolbana på Voss velkomen og ikkje har noko imot at Voss Gondol byggjer opp ein marknad rundt sitt produkt.

– Dette har å gjere med å beskytte opphavsrett, vere stolt av produktet sitt og byggje bedriftskultur, seier han.

Behandlinga av saka starta måndag og blir avslutta tysdag. Grov seier dei vil respektere avgjerda retten kjem fram til. Dommen er venta innan 15. november.

– Vi har gjort eit grundig arbeid i våre førebuingar. Vi håpar resultatet blir at Voss Gondol må endre logoen sin, då bør det respekterast frå begge sider, seier Grov.

Loen Skylift AS krev også erstatning i saka.