Hopp til innhold

Krangla så busta føyk

Eit par i 20-åra krangla så høglydt i Førde i natt at politiet måtte roe dei ned.

politi illustrasjon

KUTTA SEG: Ei kvinne måtte til lege etter ein krangel.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

– Det var ein tredjeperson som melde frå om kranglinga, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Eit ungt par i 20-åra krangla så høglydt i byggefeltet at politiet fann det nødvendig å innfinne seg.

Då dei kom til staden hadde kvinna fått ei kuttskade som var av slik storleik ho vart frakta til lege. Kuttet skal kvinna ha fått etter å ha ramla på vegen.

– Vi reknar saka som ferdig og saka blir ikkje følgt opp vidare, opplyser Værøy.