Kraftverk hindrar fisk i å bli kvesta

Kraftverket på Voss går gjennom ein omfattande ombygging. Dei nidoblar kapasiteten og set ein ny standard for korleis å hindra fisk til å symja til turbinane.

Yngve Tranøy og Geir Ove Henden ved det nye kraftverket på Palmafossen.

SYNFARING: Geir Ove Henden (t.h.) var nøgd med løysingane Yngve Tranøy i Voss energi viste han på det nye kraftverket på Palmafossen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Då Voss energi ville rusta det gamle kraftverket på Palmafossen, var det ikkje heilt enkelt å få konsesjon. NVE avslo søknaden.

Elva som går forbi kraftverket er nemleg ein del av Vossovassdraget. Det er i tillegg til å vera eit nasjonalt laksevassdrag, også eit verna vassdrag.

Ei spesiell rist vart løysinga.

Opningane i rista er 12 mm store, slik at heller ikkje den minste laksesmolten skal hamna i turbinen på veg mot havet.

I staden blir dei leia i ein kanal utanom kraftverket. Rista er stor og står skråstilt ved inntaket, slik at vatnet ikkje skal pressa fisken mot rista.

– Då me presenterte rista og korleis me skulle vareta laksen sine interesser, snudde det saka hjå myndigheitene, fortel Yngve Tranøy. Han er prosjekt- og utviklingssjef hjå Voss energi.

Det gamle kraftverket, som vart rive i 2019, produserte om lag 1,6 GWh. Det er nok til å forsyna om lag 70 husstandar med straum. Det nye, som etter planen skal stå ferdig i april 2021, kan forsyna om lag 650 hus. Vassforbruket vil auka frå 3 m³/s til maksimalt 30 m³/s.

I 2015 skreiv NRK om at regjeringa overkøyrde NVE si avgjerd i saka. NVE hadde avslege søknaden om konsesjon til kraftutbygging i elva, men regjeringa ved Olje- og energidepartementet godkjente den likevel.

– Vi avslo i utgangspunktet søknaden. Den har blitt justert fleire gongar, men vi meiner framleis det er usikkert om tiltaka dei har føreslege har tilstrekkeleg effekt i eit nasjonalt laksevassdrag, sa Rune Flatby, direktør for NVEs konsesjonsavdeling, den gongen.

Fiskerista på det nye kraftverket på Voss.

RISTA: – Sjølv den minste laksesmolten kjem seg ikkje gjennom her, sjølv om den vil, seier Morten Kraabøl.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Kjem til å bli standard i Noreg

Å ha rister framfor kraftverksinntak i Noreg er ikkje uvanleg. Men dei skal hindra at ting som drivved og is ikkje skal skada turbinane i kraftverka. Rister som stoppar fisk frå turbinane er heller ikkje heilt uvanlege i utlandet.

– Det er vanskeleg å seie kvifor det ikkje har blitt gjort i Noreg tidlegare. Men det er noko som kjem framover, og som kjem til å bli standard i Noreg.

Det seier biolog Morten Kraabøl. Han byrja å jobba med prosjektet som seniorforskar i NINA, og heldt fram med prosjekt som konsulent hjå Multiconsult.

Han trekk fram at mange vasskraftverk dei komande åra skal opp til ny revisjon.

– Dette er eit av dei viktigaste miljøtiltaka som kan gjennomførast i elvekraftverk. Grunnen til at ein fekk lov til å byggja ut ved Palmafossen, er at miljøløysinga her er så god at det betrar situasjonen for laks i vassdraget.

I andre kraftproduserande elver kan dødelegheita for laksesmolt liggja opp i 30 prosent.

– Nokre stader er det berre nokre få prosent også, men det er eit tap ein uansett ikkje bør akseptera, seier Kraabøl.

– Det er jo klart at ei slik løysing kostar ein del, men krafta som blir framstilt ved Palmafossen kan med rette kallast grøn kraft.

Video Vil redde laksen med lys

SMOLT: Denne vesle laksesmolten har fått kutta av hovudet sitt i ein kraftturbin. Biletet er frå Tvedestrand.

Foto: Nyhetsspiller

Får støtte i laksemiljøet

Det er ikkje berre rista som er ny ved kraftverket. Det er også bygd ei ny og betre laksetrapp. I tillegg er det lagt til rette for teljing av kor mange laks som går opp og ned elva.

Både rista og trappa gjer òg laksefolket på Voss nøgde.

– Eg kan ikkje skjønna anna enn at denne løysinga sikrar at både stor og liten laks kjem seg både opp og ned elva, seier Geir Ove Henden i Voss klekkeri.