Hopp til innhold

Kraftselskapa taper milliardar på handel med «framtidsstraum»

Kraftselskap taper milliardar av kroner på avtaler som svir meir jo høgare straumprisen blir. Sverige tar grep for å hindre ny finanskrise. Noreg ventar.

CtvTCw0n3CE

TAPER PENGAR: Fleire har trudd at store kraftutbytte skulle dempe effekten av dei høge straumprisane. Kvartalsrapportane viser i staden at kraftselskapa taper pengar.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Det er eit stort paradoks: Medan straumprisane vert høgare, tapar norske kraftprodusentar milliardar av kroner på låge straumprisar.

NRK har gått gjennom halvårsrekneskap til dei største kraftselskapa i landet. Dei viser store underskot og avskrivingar.

Kva har skjedd?

Vi kan gå vegen om kraftkommunen Høyanger, som no må betale 42 øre for kvar kilowattime dei sel.

Forklaringa er ein avtale frå 2021 om å selje konsesjonskrafta si til fastpris i staden fór til marknadspris.

Det vart eit dyrt vedtak.

Men ikkje så dyrt som norske kraftprodusentar sitt grep med å selje «framtidsstraum» til avtalt pris.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap)

– Vi vart geniforklarte i 2020. No meiner folk vi er idiotar, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap).

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Svir meir jo høgare straumprisen blir

Føremålet med selje «framtidsstraum» er i utgangspunktet å veksle inn risiko i tryggleik og føreseielegheit, men når marknaden gjer eit byks, som no, kan dei få motsett effekt.

Då må kraftselskapet kome opp med kontantar for å dekke mellomlegg som vert større jo høgare straumprisen går.

Nokre av desse mellomlegga er fram i tid og «urealiserte», andre oppgjer har alt vore til forfall.

Dette er noko av bakgrunnen for at den svenske statsministeren på laurdag kunngjorde at ho stiller med likviditetsgarantiar på fleire hundre milliardar svenske kroner til nordiske energiselskap – for å hindre misleghald og «ein ny finanskrise».

Norske styresmakter varsla søndag at det enn så lenge ikkje er behov for norske tiltak, men at «Finansdepartementet, Olje- og energidepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet følger nøye med på utviklinga».

Statsministeren og finansministeren før budsjettkonferansen

Finansdepartementet ved Vedum seier søndag at «vurderinga per nå er at tiltaka som er varsla i Sverige og Finland vil redusere risikoen for uro i det finansielle systemet».

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Statkraft bokfører eit tap på 5,5 milliardar

Ein gjennomgang av halvårsrapportane viser at handlinga med futureskontraktar har kosta norske kraftselskap fleire milliardar kroner (sjå sitatboks under).

Aller mest taper Statkraft, som bokfører eit tap på 5,5 milliardar kroner på grunn av «finansielle sikringar av produksjonsinntekter».

Tap som i sin tur rammar eigarane, som er deg og meg.

Bergen, Sunnfjord, Alver, Askøy og Øygarden eig til saman halvparten av kraftselskapet Eviny.

I siste kvartalsrapport viser dei til eit tap på 2,15 milliardar som følgje av «kraftsikring».

– Trass i den store forbetringa i sikringsprisar som er gjorde det siste året, så er det eit urealisert tap på desse kontraktane, skriv selskapet i rapporten.

Selskapet har i dag avtalt å selje 4,4 TWh framtidsstraum, men vil ikkje uttale seg om prisen:

– Vi publiserer ikkje detaljar om sikringskontraktane eller når dei kjem til forfall, men sikringshorisonten vår er dei næraste åra, seier Anne Marit Steen, som er finansdirektør i Eviny.

Anne Marit Steen, Eviny

– Vi går ikkje ut med detaljar om sikringskontraktane våre, seier Anne Marit Steen, som er finansdirektør i Eviny.

Foto: BKK

Stavanger-baserte Lyse kan til samanlikning vise til eit positivt halvårsresultat.

– Vi vedtok for ein del år sidan at vi ønskte å ha ei lågare sikringsgrad enn det som er vanleg praksis i bransjen. Det ser ut til å bidra til at vi kjem betre ut enn dei fleste andre vasskraftprodusentane i Sør-Noreg, seier Atle Simonsen i Lyse AS.

– Kan utvikle seg til ei lita finanskrise

Det konservative tidsskriftet Minerva har gått gjennom kvartalsrapportane til Statkraft, Hafslund Eco og Agder Energi.

I alle tre tilfelle gjer avtaler om framtidsstraum at dei må bokføre tap i milliardklassen.

– Eg blir ikkje så overraska om dette utviklar seg til ei lita finanskrise, seier Minerva-redaktør Aksel Fridstrøm til NRK.

Han trur ingen kraftselskap vil gå over ende, men seier det «fort vil bli ein situasjon med pengemangel» på grunn av skattetrykket og fordi «sikringsposisjonane blir veldig kostbare å halde».

Han legg til:

– Eg trur at ein del kommunar som eig kraftselskap ikkje fullt ut forstår kompleksiteten og risikoen i dei finansielle marknadene som selskapa deira no opptrer i.

Håkon Levy, Glitre

– Historisk har denne policyen tent oss godt, og det er viktig å evaluere ein slik strategi over fleire år i staden for ein kort tidsperiode, seier Håkon Levy, som er konserndirektør i Glitre.

Foto: Glitre

Bergen vil ha møte med Eviny

– Vi hadde jo rekna med at vi kunne ta ut eit stort utbytte som ville komme innbyggjarane til gode. Eg synest dette er ein underleg effekt av dei inngåtte avtalane, seier Tom Georg Indrevik (H).

Han er ordførar i Øygarden kommune, som eig ein del av Eviny.

I artikkelen «Kraftmilliardar forsvinn i finansielt tapssluk» harselerer Fridstrøm med politikarar som på grunn av dei høge straumprisane fabulerer om å sprøyte rekordstore utbytte frå kraftselskapa tilbake til kommunane.

Til det er det ganske enkelt ikkje ein kraftformue å forsyne seg av.

Per-Arne Hvidsten Larsen (V) er finansbyråd i Bergen, som eig 38 prosent av Eviny.

Skepsisen vår til sikringsstrategien vart meld på møte med alle eigarane før sommaren, og det blir eit møte no i løpet av hausten der Eviny er bede om å sikre eit godt grunnlag for diskusjon. Eg ser fram til det, seier han til NRK.

Bergen kommune budsjetterte i år med 260 millionar kroner i utbytte frå kraftprodusenten. På grunn av straumkrisa fekk dei i staden 349 millionar.

Finansbyråden legg til:

Vi forstår at ei av grunngivingane er meir stabile utbytte til eigarane, men for vår del vil vi både akseptere og ønskje større svingingar. Det ville hjelpt oss når straumprisane er høge, og vi ville tolt nedgang når straumprisane er låge.