Hopp til innhold

Straumkundar kan ha krav på millionar i erstatning

Er du ein av mange tusen privatkundar som har vore utan straum i meir enn 12 timar dei siste døgna? Då har du krav på kompensasjon.

Her er det ikkje mykje att å skryte av etter at Dagmar har vore på besøkl

LINJEBROT: Over heile landet har tusenvis av menneske opplevd langvarige straumbrot dei siste dagane. Det kan føre til millionutbetalingar for kraftselskapa.

Foto: Arve Uglum

Sjølv om det vil vere ei mager trøyst, så har du som straumkunde krav på erstatning frå din kraftleverandør.

Kravet er at straumen har vore vekke samanhengande meir enn 12 timar.

Dette gjeld sjølv om du ikkje har fått skade på innbu, eller til dømes matvarer som har vorte øydelagt i opptina frysarar.

Det er Norges Vassdrags- og Energiverk (NVE) som har utforma reglane, som gjev deg som kunde økonomisk kompensasjon.

Du må krevje sjølv

Nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase, stadfestar at alle som har vore straumlause i meir enn eit halvt døgn har krav på pengar.

– Kundane kan framsette krav om om kompensasjon for langvarige avbrot. Dei har rett på dette i utgangspunktet, men det er ikkje noko automatikk i dette. Det er opp til kunden sjølv å ta kontakt med oss og be om kompensasjon, seier Aase.

Mange tusen straumkundar over heile landet har vore utan elektrisitet i heimane sine mykje lenger enn 12-timarsfristen, berre i Sogn og Fjordan er framleis meir enn 1500 husstandar utan straum.

Dette kan føre til millionutbetalingar for dei ulike energiverka som er og har vore råka av straumstansen.

Vanskeleg situasjon

Det er altså opp til kvar einskild straumkunde å krevje kompensasjon etter langvarige straumbrot. Oppmodinga frå Aase i SFE er klar.

– Det er bere å ta kontakt med vårt kundesenter. Det finst og eit skjema på heimesidene som kan nyttast, opplyser nettdirektøren.

Han vonar at kundane forstår at dei og andre kraftselskap no er oppe i ein situasjon som han kallar alldeles forferdeleg og utan skuld.

Dette har du som straumkunde krav på:

Straumbrot over 12 til og med 24 timar: 600 kroner

Straumbrot over 24 til og med 48 timar: 1 400 kroner

Straumbrot over 48 til og med 72 timar: 2 700 kroner

Påfølgande døgn: 1300 kroner