Hopp til innhold

Kraftlag bad medlemmane halde kjeft om millionutbetalinga dei kan få

Tusen straumkundar kan få 310 millionar kroner på deling viss det lokale kraftlaget blir lagt ned. Politikar meiner selskapet prøver å lura styresmaktene. – Sludder, svarar styreleiaren.

f.v. Kristoffer Vannes, Sverre Olav Handeland og Olav Linga

– LURT Å TEIA: Dagleg leiar Kristoffer Vannes i Fjelberg kraftlag (t.v.) og styreleiar Sverre Olav Handeland (midten) sa på informasjonsmøtet at å teia offentleg gir medlemane betre sjanse for å få 310 millionar kroner på deling. Til høgre: administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft AS

Foto: Marius Tveit Nissestad / Grenda

Nær 1000 straumkundar i Kvinnherad kommune blir forespeila å få heile formuen i Fjelberg Kraftlag utbetalt på deling.

Dette kan skje dersom det vesle straumnettselskapet blir slått saman med Haugaland Kraft.

NRK har fått eit opptak frå eit møte på Halsnøy samfunnshus 15. oktober i år, der selskapet informerte dei frammøtte medlemmane om fusjonsplanane.

Her blei dei frammøtte oppmoda til å ikkje snakka offentleg om sjansane for å få utbetalt totalt 310 millionar kroner i etterkant av fusjonen.

«Nu gjelder det at halde kjeft»

Ein tilhøyrar spurde om medlemmane faktisk kan få eit gullkanta kontantoppgjer i eiga lomme. På opptaket svarar fungerande dagleg leiar Kristoffer Vannes slik:

Jo mindre av det som du drar opp kjem ut i avisene og til Stiftelsestilsynet, jo sikrare er du på å få pengane i di lomme.

Styreleiar Handeland sa det endå tydlegare til forsamlinga, ved å sitera statsminister Christian Michelsen sin legendariske beskjed til Bjørnstjerne Bjørnson i 1905:

Nu gjelder det at holde kjeft. Det blir jo veldig haussa opp at me kjem i ein situasjon der me kan få pengar ut av dette her. Det er ikkje nokon som har fått det til før.

Informasjonsmøte i Fjelberg Kraftlag 15. oktober 2018

«AT HOLDE KJEFT»: Medlemmane i det vesle samvirkeselskapet Fjelberg Kraftlag fekk 15. oktober eit råd frå styreleiaren om at «nu gjelder det at halde kjeft» overfor Stiftelsestilsynet.

Foto: Privat

Tilbakekjøpsavtale

Forsamlinga reagerte med latter og applaus på utsegnene frå leiarane.

Fusjonsplanane går ut på at eigarane av Fjelberg Kraftlag AS får aksjar i Haugaland Kraft til ein verdi av 310 millionar kroner.

Ifølgje avtaleutkastet kan Fjelberg Kraftlag så krevja å få selja aksjane tilbake til Haugaland Kraft AS innan neste år, altså å ta ut dei 310 millionane.

Fjelberg Kraftlag er eit 70 år gammalt samvirkeselskap der 970 av dei om lag 2000 straumkundane er medlem. Det har ein føremålsparagraf om å vere nyttig for lokalsamfunnet.

Vil leggja ned og ta ut

Per Ove Kviteberg i Kvinnherad Høgre er medlem og tidlegare styreleiar i Fjelberg Kraftlag. Han meiner fusjonsplanen er i strid med lova og kallar sakshandsaminga skandaløs.

– Ein har ikkje lov til å omdanna eit samvirkeselskap til aksjeselskap viss hensikta er å forsyna seg av pengane som var laget si formue.

Det Kviteberg reagerer på, er at det nyoppretta aksjeselskapet kan vedta å leggja seg sjølv ned, og dela heile verdien mellom aksjonærane, altså dei tidlegare medlemmane i samvirkeselskapet.

Per Ove Kviteberg

– RYSTANDE: Per Ove Kviteberg i Kvinnherad Høgre meiner prosessen rundt Fjelberg kraftlag er skandaløs og planane lovstridige.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

Det kan i løpet av 2019 bety 30 millionar kroner til Kvinnherad kommune som største eigar, medan ein vanleg familie i snitt kan få 150.000 kroner.

Kviteberg viser til advokat Knud Lorentzen, ekspert på samvirkelagsmodellen.

– Å dela ut formuen til dei gamle medlemmane går ikkje an, ifølgje lova. Formuen tilhøyrer i utgangspunktet ikkje dei som tilfeldigvis er medlemmar i dag. Det er openbert i strid med samvirkelova dersom planen med å danna aksjeselskapet er å tømma selskapet for verdiar.

– Det er sludder

Styreleiar Sverre Olav Handeland i Fjelberg Kraftlag rasar mot skuldingane.

– Det er sludder, pølsevev og løgn. Me har drive ein heilt transparent prosess, brukt profesjonelle rådgjevarar og det beste advokatmiljøet i Noreg for å gjennomføra dette på ein lovleg og ordentleg måte. Det er veldig lite kjekt å bli kalla kriminell.

– Me har ikkje nokon skjult agenda eller prøver å svindla nokon. Me vil gjera det best mogleg for medlemmane våre.

Kva la du i «å halda kjeft»?

Eg sa det i samband med at det heile tida berre blei snakk om desse pengane.

Kvifor sa de at det blir mindre sjanse for å få pengane i eiga lomme jo meir Stiftelsestilsynet får høyra om dette?

– Det sa me ikkje. Hovudfokus er ikkje pengane, men å omdanna Fjelberg Kraftlag til aksjeselskap for å kunna slå dei to selskapa saman, seier Handeland.

Han understrekar at styremaktene ønskar større nettselskap og har gitt rammevilkår som gjer at det blir for dyrt å driva ei lite selskap som Fjelberg kraftlag vidare.

Sverre Olav Handeland

TILBAKEVISER PÅSTANDANE: Sverre Olav Handeland, styreleiar i Fjelberg Kraftlag.

Foto: Anders Totland / Sunnhordland

– Ikkje kriminell

Handeland slår fast at det er lov å leggja ned selskapet og få dei 310 millionar kronene i kontantar, heilt uavhengig av at dette inntil no er eit samvirkeselskap med ideell føremålsparagraf.

Kan snakk om oppløysing og utbetaling gjera Stiftelsestilsynet skeptisk?

– Det som kan forkludra dette, er viss nokon gir tilsynet feil opplysningar. Kviteberg antydar at vi driv med noko muffens, med avtalar på bakrommet om tilbakekjøp, for å lura styremaktene og stikka pengane i eiga lomme. Dette dreiar seg ikkje om det. Det er veldig lite kjekt å bli kalla kriminell.

Men de har tenkt å selje aksjane og ta ut 310 millionar neste år?

– Neste år kan selskapet velja kva dei vil gjera, seier Handeland.

Fjelberg Kraftlag sitt bygg

LOKALT: Fjelberg Kraftlag er eit 70 år gammalt samvirkeselskap der 970 av dei om lag 2000 straumkundane er medlem. Det har ein føremålsparagraf om å vere nyttig for lokalsamfunnet.

Foto: Frå Fjelberg Kraftlags nettside

– Profittmotiv påverkar vurderinga

Stiftelsestilsynet vil ikkje kommentera det Fjelberg Kraftlag i Kvinnherad har sagt om å halda informasjon skjult for tilsynet.

– Me har ikkje mottatt søknad frå Fjelberg Kraftlag SA og har derfor ikkje noko sak til behandling, seier seniorrådgjevar Sellevold.

Det er tilsynet som eventuelt gir godkjenning dersom samvirkeselskapet søkjer om å få bli omdanna til aksjeselskap.

– Viss det blir halde tilbake eller gitt uriktig eller misvisande informasjon i ein søknad, vil dette ha betydning for vår vurdering av søknaden og eit eventuelt ansvar for dei involverte, forklarar Sellevold.

– Generelt og i korte trekk skal Stiftelsestilsynet ved mottatt søknad vurdera om det er sakleg grunn til å bli aksjeselskap. Eit ynskje blant medlemane om tilgang til samvirkeføretakets verdiar er ikkje sakleg grunn.

– Men kan eit slikt ønske tala mot at tilsynet godkjenner omdanninga?

– Det er ein del av vurderinga. Dersom omdanninga er grunngitt i eit kortsiktig profittmotiv, kan det fort ha karakter av misbruk av samvirkeføretaksforma.