Kraftige vindkast over Hemsedalsfjellet – buss og vogntog blåste av vegen

– Det er ikkje trygt å køyre over der no, seier bilbergar Anders Frydenlund etter at kraftig vind har blåst fleire av vegen.

Lastebil tatt av vinden på rv 52 Hemsedalsfjellet

VINDKAST: Dette biletet syner eit av køyretøya som hamna ut av vegen, grunna kraftig vind over riksveg 52 på Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK-tipsar

– Busselskap som har tenkt seg over fjellet bør vurdere å avlyse, seier bilbergar Anders Frydenlund i Viking Lærdal.

Sjølv har han fått oppleve den kraftige vinden over fjellet på nært hald, som i føremiddag har blåst både eit vogntog og ein buss ut av vegen.

Plutselege vindkast

Det var tidleg torsdag føremiddag at Frydenlund fekk meldingar om hendingane. Han beskriv situasjonen på fjellet som spesiell med enorme vindkast.

– Det står eit vogntog i grøfta der oppe, og ein bergingsbil er på veg for å hjelpe. Bussen som står fast der, veit eg ikkje kva som skjer med.

Han meiner at dei sterke vindkasta torsdag ettermiddag utgjer ein reell fare for høge køyretøy som skal over fjellet.

– Det er skikkelege vindkast så har du buss med vindfang i, eller eit vogntog som er lettlasta tek det ganske lett tak i.

Laster Twitter-innhold

Følgjer nøye med

I løpet av torsdag ettermiddag skal fleire bussar over Hemsedalsfjellet. Mellom anna kjem det ein buss frå Sogndal som skal austover. Kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy fortel at rutene går som planlagt, men at dei er budd på at endringar kan skje.

– Me har tett dialog med Vegvesenet, i tillegg til brøytevakta på staden. Så me er på alerten, men vil ikkje stanse rutene enn så lengje. Men dersom situasjonen forverrast kjem me til å stanse trafikken og køyre alternative ruter.

Så no er det forsvarleg å sende bussane over?

– Akkurat no meiner me det er trygt. Men sjølvsagt er det ein fjellvettregels om seier me skal lytte til erfarne fjellfolk. Likevel, så lengje vegen er open så vil rutene gå. Me stolar på Vegvesenet, seier han.