Hopp til innhold

Dårleg vêr skapar lange køar: – Det er verdt å tenke seg om

Uvêret har nådd Vestlandet. På Sotrabrua blåste eit kapell av ein lastebil. Ei hurtigbåtrute er innstilt.

Trafikkuhell på Sotra

STENGDE: Sotrabrua stengde etter at ein lastebil hadde mista delar av kapellet på brua onsdag ettermiddag.

Foto: Bergen brannvesen

Onsdag valsa eit lågtrykk frå Skottland innover vestlandskysten.

Meteorologisk institutt har sende ut farevarsel for kraftige vindkast i Sogn og Hordaland, mykje regn i Hordaland, og snøfokk i Jotunheimen og Langfjella.

– Det blåser ein god del. Det er verdt å tenke seg om for de som skal ut og køyre, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Køyretøy med lette hengarar, lause skap, mopedar og motorsyklar bør vere ekstra varsame.

Hovudredningssentralen får onsdag ettermiddag inn mange meldingar om drivande småbåtar langs kysten.

Politiet får også meldingar om tre som fell og lause gjenstander som fyk rundt.

Ferjesambandet Fedje-Sævrøy var innstilt på grunn av værfoholda, men er no åpna igjen. Hurtigbåtlinja mellom Bergen og Austevoll er fortsatt innstilt.

Uvær kommer innover vestlandskysten

UVÆR: Uvær kommer innover vestlandskysten.

Foto: Windy

Uhell på Sotrabrua førte til kilometerlange køar

Ved 13.00-tida stengde Sotrabrua etter at ein lastebil hadde mista delar av kapellet på brua.

– Ein lastebil som frakta asfalt mista eit lokk, som føk ned i vegbana. Lastebilen blei slept av brua, seier Algrøy.

Brua opna igjen 14.15, men det er venta at køen vil henge igjen utover i ettermiddagsrushet.

– Det er saktegåande kø frå Damsgårdstunnelen, men trafikken flyt, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille i Vegtrafikksentralen rundt klokka 15.30 onsdag.

I 16-tida var det enorme køar som strekte seg fleire kilometer

Laster Twitter-innhold

Åtvarar mot å køyre over fjellet

Meteorologen åtvara tidlegare om at vinden kunne skape problem rundt på Vestlandet.

– Ferjeavgangar kan bli kansellerte, og bruer kan bli stengde. Folk bør feste lause gjenstandar. Har ein campingvogner ståande på ein ugunstig plass, bør desse festast. I tillegg er det fare for vassplaning når den verste nedbøren står på.

Det sa Magnus Haukeland, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, til NRK tidlegare onsdag.

Det er berre ei veke sidan vêret laga kaos på vegane fleire stader i Sør-Noreg. Bilistar blei tatt på senga over snøvêret som kom over natta, og det blei meldt om mange utforkøyringar.

Tre trailerar kjem seg ikkje opp Austmannali på E134

Tre trailerar kom seg ikkje opp Austmannali på E134 då uvêret slo til førre veke. No må bilistar nok ein gong førebu seg på vanskelege køyreforhold over fjella.

Foto: Dag Stenberg

No er det Vestlandet og fjelltraktane som får kjenne på naturkreftene, ifølgje Meteorologisk institutt.

– Folk bør vurdere å køyre over fjellet ein annan dag, seier Haukeland.

Heller ikkje Vegtrafikksentralen rår folk til å køyre over fjellet onsdag.

– Vêret snur fort på fjellet, så ein må tenkje på at vegane kan bli stengde, eller at det kan bli kolonnekøyring, seier trafikkoperatør Eirik Elnes.

Og om folk lurar på om dei bør ha vinterdekk, er meldinga klar:

– Ja, det er berre vinterdekk som gjeld.

Fare for flaum og jordskred

Onsdag føremiddag sende varsom.no ut to nye varslar. Eit om fare for flam og eit om jordskred.

I varselet skriv dei at det frå onsdag føremiddag til seint onsdag kveld er venta mykje nedbør i heile Vestland fylke. Lokalt kan det bli 50–80 mm sør for Sognefjorden i løpet av 12 timar. Nedbøren er venta å kome som regn under 1000 moh.

Når det gjeld jordskred er meldinga at skredfaren er størst der byene treff, og at ytre strøk er mest utsett. Bratte skråningar og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

Temperaturane vil leggje seg ned mot null, og i kombinasjon med vind kan snøen bli nok så fuktig når den legg seg i vegen på over 1000–1200 meter. Noko som kan gje utfordrande veggrep og dårleg sikt, ifølgje statsmeteorolog Gunnar Livik.

Statsmeteorologen kan heller ikkje love noko trampolinevêr i næraste framtid.

– Det er venta mykje blautt vêr framover. No må folk vere føre var og gjere dei tiltaka dei kan, og gjere seg klar til at haust- og vinterstormane slår til for fullt.