Hopp til innhold

Kraftige reaksjonar på nye og «slappe» miljøkrav til byggnæringa

Byggjebransjen etterlyser strengare miljøkrav, og skuldar regjeringa for å «bevege seg med museskritt».

Byggeplass

SLAPPE GREIER: Endringane i miljøkrava til byggnæringa vekker skarpe reaksjonar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Førre veke la regjeringa fram endringar i miljøkrava til byggnæringa.

På verdsbasis står byggjenæringa for 40 prosent av dei totale klimagassutsleppa. I Noreg rundt 15 prosent.

I april lanserte regjeringa sitt «omstillingsmål» om å kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030.

Det var difor venta at Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) ville komme med skjerpa krav til byggjebransjen, slik bransjen sjølv har etterspurt.

Men dei kom ikkje.

I staden vedtok regjeringa det som vert karakterisert som «ei marginal skjerping» av krava til gjenbruk av byggjemateriale – ei oppjustering frå 60 til 70 prosent. Malen blant seriøse aktørar i bransjen er i dag på 90 prosent.

Utover det inneheld den nye forskrifta ingen nye klimakrav til materiala i nye bygg.

Det vekkjer skarpe reaksjonar langs heile det politiske spekteret.

Byggeplass på Gressvik i Fredrikstad som ble utsatt for verktøytyveri.

BYGGEPLASS: På verdsbasis står byggjenæringa for 40 prosent av dei totale klimagassutsleppa. I Noreg rundt 15 prosent.

Foto: Sebastian Nordli/NRK

Enormt skuffa over regjeringa

Regjeringa beveger seg med museskritt. Endringane i byggeteknisk forskrift er overraskende defensive og følger ikke opp dei gode ambisjonene i Hurdalsplattformen, seier Liv Kari Skudal Hansteen, som er administrerende direktør i Rådgivende ingeniørers forening (RIF).

Tidlegare SV-statsråd, Heikki Eidsvoll Holmås, som leier berekraftsarbeidet i Multiconsult, seier han er «enormt skuffa» over regjeringa.

«Det er vanskeleg å forstå korleis regjeringa skal no sine eigne omstillingsmål om ein ikkje eingong gjennomfører gratis klimakutt» skriv han i eit innlegg på Linkedin.

Han viser til at Multiconsult har gjort utgreiingar som viser at dei første 20 prosentane CO₂-reduksjonane er gratis å gjennomføre.

Det er uforståeleg at regjeringa ikkje kjem med krav om utsleppskutt i byggjenæringa, når næringa sjølv ber om det, seier Lars Haltbrekken (SV) i Energi og miljøkomiteen på Stortinget.

Høgre foreslo i mai at regjeringa må «fase inn krav til reduserte klimagassutslepp frå materialbruk i næringsbygg og bustadblokker frå 2024.»

Alfred Bjørlo (V) seier endringane i den nye forskrifta er «skuffande passive» og «oppsiktsvekkjande små».

I eit skriftleg spørsmål til statsråden etterlyser han svar på kva som er bakgrunnen for at regjeringa har lagt fram ei ny forskrift «utan å stille klimakrav til materiala i nye bygg slik ein nær samla byggjebransje har ønskt».

SV-politiker Heikki Holmås var sentral under Maria Amelie-saken.

VANSKELEG: – Det er vanskeleg å forstå korleis regjeringa skal no sine eigne omstillingsmål om ein ikkje eingong gjennomfører gratis klimakutt, seier Heikki Holmås.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vi treng krav i lovverket

Vi og mange andre i næringa, har etterspurt krav om utsleppskutt og ein føreseieleg opptrappingsplan. Dei mest ambisiøse har frivillig gått føre, men vi treng krav i lovverket for å få med alle, seier Katharina Th. Bramslev, som dagleg leiar i Grønn byggallianse.

Direktør i Byggenæringens Landsforening (BNL), Jørgen Leegaard, seier til NRK at dei ynskjer seg strengare krav, gitt to føresetnader:

  1. Når krava kjem, gjeld dei for alle arbeid og for alle bedrifter.
    Det er derfor viktig at styresmaktene har ein langsiktig plan om kva som skal komme, slik at næringa kan førebu seg.
  2. Eit felles system for å måle og dokumentere eigenskapane og utsleppa frå materiala.
    Så lenge vi ikkje har eit felles system for å måle og dokumentere dette, vil vi ikkje kunne dokumentere utsleppsreduksjonar på ein nøytral måte. Denne felles plattforma må på plass så raskt som mogleg.

Kan ikkje fatte kvifor regjeringa er så bakpå

Det er merkeleg at regjeringa viser så lita interesse for konkrete grep for å sikre overgang til sirkulær økonomi, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Frå 2030 skal all bygg- og anleggsverksemd i Oslo vere utsleppsfri, og frå 2025 skal alle oppdrag gjennomførast utsleppsfritt.

Sigrun Gjerløw Aasland er dagleg leiar i miljøstiftinga Zero.

Dette er landets billigaste og minst upopulære klimatiltak, og eg kan ikkje fatte kvifor regjeringa er så bakpå her. Viss vi ikkje klarer å trykkje på knappen for dei lettaste klimatiltaka, korleis skal vi då få farten opp? spør ho.

Sigbjørn Gjelsvik

SIRKULÆR: Sigbjørn Gjelsvik (Sp) seier Noreg «må gå frå å vere eit bruk-og-kast-samfunn til å ha ein sirkulærøkonomi basert på tanken om at minst mogleg ressursar skal gå til spele.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Kan ikkje berre stikke fingeren opp i lufta

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) sa i mai at Noreg «må gå frå å vere eit bruk-og-kast-samfunn til å ha ein sirkulærøkonomi basert på tanken om at minst mogleg ressursar skal gå til spele».

Statssekretær i same departement, Nancy Porsanger Anti, seier til NRK at den nye forskrifta er «eit steg i rett retning» og at det ville vore «uforsvarleg» i talfeste fleire krav før saka har vore ute på høyring.

Vi må eit godt grunnlag når vi innfører nye grenseverdiar; vi kan ikkje berre stikke fingeren opp i lufta. Og nettopp difor har vi innført eit klimarekneskap, slik at vi får eit kunnskapsgrunnlag å gå vidare med.