Kraftige reaksjonar på korona-vedtak: Vindkraftarbeidarar får innreise

«Overtramp», «lite gjennomtenkt», «misbruk av tillit». Reaksjonane er sterke på at regjeringa tillèt innreise av EØS-borgarar som skal jobbe med utbygging av vindkraft.

Protest mot vindmøllepark på Bremangerlandet

STERK MOTSTAND: Det har vore sterke protestar mot nye vindmøller på Bremangerlandet. Ei endring i bortvsiningsreglane gjer at vindkraftarbeidarar kan få innreise.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

NB! Saka er oppdatert 01.04.2020 kl. 19.48 med svar frå Olje- og energidepartementetet. Sjå svaret nederst i saka.

Regjeringa gjer no endringar i bortvisningreglane, som gjer at nye grupper med arbeidstakarar får innreise til Noreg.

Justisminister Monica Mæland sa på pressekonferansen måndag at endringane mellom anna skuldast særskilde utfordringar i landbruket.

– Det er sånn at landbruket no står midt oppe i ei tid kor dei er heilt avhengig av sesongarbeidarar for å få gjort unna våronna, sa Mæland.

Men no kjem det sterke reaksjonar på at også arbeidarar som jobbar med utbygging av vindkraft, får innreise.

Kjersti Toppe (Sp) meiner regjeringa med eit slikt vedtak definerer vindkraftutbygging som samfunnskritisk sektor.

Kjersti Toppe

HAR FÅTT REAKSJONAR: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) reagerer på at arbeidarar som jobbar med utbygging av vindkraft, får innreise.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

– Det er ein provokasjon. I ei tid der vi har ein unntakssituasjon i Noreg med stor smittespreiing, då er ikkje utbygging av vindkraft det viktigaste.

Behov for arbeidskraft

Også i pressemeldinga Landbruks- og matdepartementet sende ut måndag ettermiddag, understreka landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) dei særskilde behova for arbeidskraft i landbruket.

«Dette er en ordning jeg har jobbet for å få på plass. Våronna står for døren, og nå kan EØS-borgere, som har fått jobb i landbruket, komme til Norge og starte opp med arbeidet.»

Først når ein les rundskrivet frå Justisdepartementet, står det nærare presisert kva grupper det er snakk om.

«Med «næring hvor det er kritisk behov for arbeidskraft», menes landbruk, gartneri, skogbruk, fiske, fiskeindustri, matindustri, petroleumsnæringen, utbygging av vann- og vindkraft og kraftnett.»

Turbindeler på vei til Roan Vindpark, Fosen

MANGE ARBEIDSTIMAR: Det ligg mykje arbeid i å få på plass store vindturbinar, mellom anna i Roan Vindpark på Fosen i Trøndelag, som opna i 2019. Vindkraftarbeidarar får innreise også i tida framover, har regjeringa bestemt.

Foto: Ingrid Lindgaard stranden

Kjersti Toppe har allereie fått fleire reaksjonar på det nye vedtaket.

– Det har provosert veldig mange på veldig kort tid. Vi forstår at det å sørge for mat og avlingar er samfunnskritisk. Men ei vindkraftutbygging for framtida, det forstår ikkje folk, seier Toppe.

Provoserer vindkraftmotstandarar

Etter at vedtaket vart kjent på facebooksida til MOTVIND Noreg, har reaksjonane strøyma inn og blitt delt over 200 gongar.

«Regjeringen har med denne tillatelsen overskredet en grense."

«Totalt uakseptabelt av regjeringen.»

«Å misbruke kriselovene på denne måten undergraver formålet med dugnaden vi alle er med på nå."

Styreleiar i MOTVIND Norge, Eivind Salen, seier saka provoserer.

– Det er fordi at landet er i ei krise. Folk sit heime og har mista jobben, blitt permitterte og bekymrar seg i kvardagen. Så ser dei at vindkraftarbeidarar får halde fram som før.

Bygging av anleggsvei i Kvenndalsfjellet, Åfjord

FRAMLEIS BYGGING: Utbygginga av Kvenndalsfjellet vindpark kan halde fram som følge av vedtaket til regjeringa.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

– Avhengig av arbeidskraft

Vindkraftbransjens interesseorganisasjon, Norwea, seier til NRK at dei har jobba målretta mot regjeringa for å få unntak frå innreiserestriksjonane.

– Det er veldig viktig. Det gjer at vi kan halde hjula i gong på dei utbyggingsprosjekta vi har sett i gang, seier Andreas Thon Aasheim, spesialrådgjevar i Norwea.

Han avviser at vindkraftutbygging er ei samfunnskritisk oppgåve.

– Vindkraftutbygging i seg sjølv er ikkje samfunnskritisk oppgåve og det er heller ikkje det vi har fått unntak for.

Han viser til at vedtaket opnar for at kritisk personell i bestemte næringar no kan kome inn i landet, men at ein framleis må følge dei karantenereglane som gjeld.

– Mange næringar slit med mangel på arbeidskraft om dagen. Kva er det som gjer at de spesielt bør vere på ei slik unntaksliste?

– Vi har behov for utanlandsk ekspertise, særskild knytt til monteringa av turbinane. Det let seg ikkje gjere med den kompetansen vi har i Noreg i dag å få bygga dei kraftverka, seier Andreas Thon Aasheim.

Han meiner MOTVIND Norge no brukar denne saka til å stoppe vindkraftverk på meir generell basis.

Oppdatert 01.04.2020: Olje- og energidepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei har gjeve vann- og vindkraftutbygging unntak, for å unngå at utbyggingane stoppar opp. Dei legg til grunn at næringa er avhengig av del-leveransar frå leverandørar, som må bruke spesialisert utanlandsk mannskap. Dei presiserer at dette ikkje blir dekka av unntaket for samfunnskritiske funksjonar, men for næringar som har kritisk trong for arbeidskraft.

Status Norge

Sist oppdatert: 02.06.2020
8446
Smittet
32
Innlagt
236
Døde