Kraftige reaksjonar på kuttforslag

Kysten av Sogn og Fjordane kan bli utan skattekontor om etaten sine eigne kuttforslag går gjennom hos politikarane.

Ola Teigen, Liv Signe Navarsete og Kristin Maurstad

VIL KJEMPE FOR SKATTEKONTOR: Flora-ordførar Ola Teigen (Ap), Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) og ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap).

Foto: MONTASJE: Geir Bjarte Hjetland/Senterpartiet/Trond Vestre / NRK

– Eg er elles ein ganske sindig fyr, men i dag er eg rett og slett forbanna, seier Flora-ordførar Ola Teigen frå Arbeidarpartiet.

Fem av åtte skattekontor i fylket er føreslått nedlagde , blant dei kontora i Florø og Måløy.

– Eg er provosert over at kvar einaste gong ein ser på strukturar så er det min kommune som blir råka, seier ein oppgitt Teigen.

Ikkje overraska

I nord er ikkje ordførarkollega Kristin Maurstad overraska. Når det gjeld kontoret i Måløy har dei sett skrifta på veggen lenge.

– Eg vart diverre ikkje veldig overraska. Kontoret i Vågsøy har blitt bygt ned over tid. Det eg reagerer aller sterkast på er at begge kontora på kysten forsvinn, både Måløy og Florø forsvinn, seier Maurstad.

Vil kjempe mot kuttforslag

– Eg vil ikkje seie at åtte skattekontor er mykje i Sogn og Fjordane, når ein ser på dei avstandane vi har, seier Liv Signe Navarsete, som er Stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Ho støttar kritikken som kjem frå ordførarane som mister skattekontora, og dei arbeidsplassane det inneber for kommunane.

– Det er ikkje slik at avstand eliminerer behovet for arbeidsplassar. Jobben skal gjerast. Det er ikkje sagt noko om kor mange stillingar som skal vekk, for så langt har ein vel sagt at ein skal flytte arbeidsplassane for å få meir robuste miljø, og då kan det ikkje bety at ein skal kutte i arbeidsplassane, seier Navarsete.

Nok er nok

I Flora er ordføraren lei av sjå kommunen sin verte tappa for arbeidsplassar.

– Det skjedde sist under politireforma, den såkalla nærpolitireforma. No ser vi det nok ein gong. Her har vi eit nasjonalt skattekontor som berre jobbar med fiskeri og havbruk. Det er det beste kompetansemiljøet innan sektoren. Då tykkjer eg det er rart at ein i ein situasjon der ein skal kvitte seg med kontor, kvittar seg med heile kompetansemiljø, seier Teigen.

– Har de fått signal om at dette kunne skje?

– Ja, signala fekk vi i fjor då skatteetaten skulle legge om skatteoppkrevjaren. Då kom Skatt Vest med ein høyringsuttale, der kontoret i Flora ikkje ein gong var verdt å omtale når det galdt kompetanse og moglegheiter.

– Er det noko du som ordførar kan gjere?

– Vi kjem til å appellere på bakgrunn av at Flora-kontoret er godt besøkt og ein har det beste kompetansemiljøet innan fiskeri og havbruk, seier Teigen.