Hopp til innhold

Kraftige reaksjonar mot Kvinnherad kommune

Reaksjonane er sterke mot Kvinnherad kommune, som vil venta med å byggja tunnel på den rasfarlege vegen mellom Austrepollen og Nordrepollen, skriv Kvinnheringen. Kristian Bondhus-Jensen, leiar i Ænes og Mauranger Bygdalag, seier til avisa at han ikkje forstår kva kommunen tenkjer. Torsdag kveld inviterer dei til folkemøte i Mauranger samfunnshus om saka. Ordførar Hilde Enstad seier til avisa dei vil venta på avklaring om E134-arm til Bergen først.