Dei klinikkansvarlege har sett på to modellar for innsparing, og felles for begge er avvikling av ambulansestasjonane i Selje, Jølster, Lavik og Balestrand.
7,5 millionar kroner
I Helse Førde sitt store kuttprosjekt neste år, har sjuketransport og ambulansetenesta fått i oppgåve å finne kutt på 7,5 millionar kroner. I den prosessen har det så langt blitt skissert to modellar for ambulansetensta der den eine er svært omfattande. Den eine går i korte trekk ut på å styrke ambulansetenesta knytta til sjukehusa på Nordfjordeid, i Førde og Lærdal. Då forsvinn ambulansane i Selje, Jølster, Lavik, Balestrand, Luster, Årdal og Aurland. Samstundes vert tilbodet redusert i Vågsøy, Gulen og Stryn. Ei viss styrking vil skje i Høyanger og Sogndal. Og Hyllestad får ein styrka sentral på kostnad av Fjaler.
- Dårlegare tilbod
Den andre modellen er litt mindre omfattande, men betyr likevel at ambulansane forsvinn i Selje, Jølster, Lavik og Balestrand, medan Gloppen, Førde, Høyanger og Lærdal blir styrka. Gulen blir redusert også her, og Hyllestad tek over for Fjaler også i denne modellen.
Fjaler-ordførar Arve Helle er klar til kamp.
- Dette er ei løysing vi ikkje kan godta.
- Kva er gale med den?
- Den vil svekke dagens tilbod til folk i Fjaler.
- Ambulansen er til for pasientane
Balestrand-ordførar Erland Fagermoen meiner nedlegging av ambulansen i hans kommune strir mot sunn fornuft.
- Det hjelper oss lite. Viss einkvan vert sjuke i Vetlefjorden, er det veldig langt frå Høyanger.
- Kva om dette likevel vert vedteke?
- Nei, dei får ikkje lov til å gjere dette. Økonomien er det eine i dette, men eg trudde faktisk at ambulansetenesta og helsevesenet var til for pasientane.
Må vente lenger på ambulansen
At reduksjon og omlegging av dagens ambulanseteneste for å spare pengar går ut over pasientane, er klinikkleiinga fullt kar over. I sine konklusjonar skriv dei at det vert dårlegare beredskap, lengre ventetid på ambulansen, lengre liggetid på sjukehus - ja, ein må jamvel vere budd på å skifte ambulanse undervegs. Omlegging får også negative følgjer for både kommunelegane og dei tilsette.
Det er difor usikkert kor mykje av dette som blir føreslege når direktøren legg fram sitt budsjettforslag 5. januar.
- Men skal budsjettet ned med 70 millionar kroner, må det også gå ut over tilbod som slett ikkje er ønskjeleg å kutte i, seier administrerande direktør Jon Bolstad.
- Vi må kjempe saman
I Selje sit ordførar Gunn Helgesen og ser at ambulansekutt kan kome saman med til dømes sentralisering av indremedisinsk beredskap frå Nordfjord sjukehus til Førde Sentralsjukehus.
- Det er trist at vi igjen må kjempe for noko som er utruleg viktig for oss når det gjeld tryggleiken i utkantane.
Helgesen meiner det no trengst at heile fylket omsider står saman.
- Kanskje vi bør endre strategi, sidan heile Sogn og Fjordane er i same bås. Vi må kjempe meir i lag enn det vi har gjort til no.