Hopp til innhold

– Plutseleg lyste det opp på himmelen

Det er meldt heftig vær i føremiddag med lyn og tore over Bergen. – Ikkje bruk paraply no, åtvarar meteorologen.

Det lyner og torar heftig over Bergen no. Etter nokon dagar med nydeleg pinsevêr, kjem det no nokon dagar med regn, lyn og tore.

– Det er eit kraftig torevêr over oss akkurat no, seier Aslaug Skålevik Valved vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Torevêret er på sitt kraftigaste no på føremiddagen, og vil bevege seg nordover etter kvart.

– Det kan vere lurt å ikkje bruke paraply no. Og dei som måtte vere på fjellet i høgda, bør vurdere å komme seg ned igjen, seier Valved.

Tømrar tok bilete av lynet

Stian Rondestveit var ute og jobba som tømrar då torevêret starta i 10-tida. Han fekk tatt bilete av eit kraftig lynnedslag midt i Bergen sentrum, i området rundt Strandgaten.

– Det starta med at det var veldig mørkt før det plutseleg begynte å lyse opp på himmelen. Så slo det ned, seier han til NRK.

Saman med kollegaene trekte han innandørs for å vere sikker. Då fant han fram mobilen.

– Eg vart litt overraska over at eg klarte å få det på kamera med mobilen, seier Rondestveit.