Hopp til innhold

Kraftig nedgang i talet på lovbrot: – Vanskeleg å seie om det er positivt

Medan politiet brukte stadig meir tid på psykiatrioppdrag, stupte talet på registrerte lovbrot i koronaåret 2020. Politimeister er usikker på om nedgangen er gode nyheiter.

Politihuset i Bergen

FRYKTAR MØRKETAL: Vest Politidistrikt fryktar at mange saker ikkje vert meldt frå om.

Foto: NRK

I ein fersk rapport frå politiet kjem det fram at talet på meldte saker til politiet har gått ned i koronaåret 2020.

Særleg stor er nedgangen på Vestlandet, der talet gjekk ned 11 prosent. Ein ser òg at talet på psykiatrioppdrag har auka med heile 92 prosent dei siste fem åra.

– Nedgang i kriminalitet er vanlegvis noko me set pris på, men dette er berre den registrerte kriminaliteten, så det er vanskeleg å seie om dette er positivt, seier politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad.

Kaare Songstad

FOR TIDLEG Å SEIE: Politimeister Kaare Songstad seier det er for tidleg å seie noko om ein berre har koronaen å takke for det låge kriminalitetstalet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Nedgangen i meldte saker til politiet er i tråd med dei nasjonale trendane, men nedgangen narsjonalt er lågare, om lag 3 prosent.

Grafen nedanfor viser meldte saker til politiet lovbrot i Vest politidistrikt sidan 2016.

Dobling i psykiatrioppdrag

Sjølv om rapporten viser den lågaste kriminalstatistikken sidan 2016, syner det og ein oppsving i talet på psykiatrioppdrag på 92 %.

Avdelingssjef i akuttmedisinsk avdeling Øyvind Østerås har merka oppgangen.

Øyvind Østerås

BETYDELEG AUKE: Øyvind Østerås har merka oppgangen på psykiatrioppdrag på akuttmedisinsk avdeling.

Foto: Helse Bergen

– Det er fleire rapportar frå ambulansetenesta som viser ein auke i psykiatrioppdrag. Det er krevjande oppdrag både for pasienten og for helsetenesta, seier Østerås.

Berre sidan 2019 har talet på psykiatrioppdrag gått opp med 20 prosent.

Ei lovendring i 2017 gjorde at pasientar som kan gje samtykke ikkje kan bli pålagt tvungen helsevern. Dette fører til meir ansvar for helsevesenet, meiner Østerås.

– Der dei tidlegare vart frakta med politibil til legevakt, blir dei no overført til helse. Det forklarer nok litt av aukinga, forklarer avdelingssjefen.

Tidlegare har det blitt skrive om fleire som reagerer på om denne lovendringa er det beste for dei sjukaste pasientane.

Mange mørketal

Rapporten viser ein generell nedgang, men på eit par område er det ein stigande trend. Spesielt miljøkriminalitet og seksuelle overgrep har auka dei siste åra.

Det som uroar politimeisteren, er ikkje tala dei får inn, men dei som aldri vert rapportert.

– Det er alltid mykje mørketal, sjølv om politiet jobbar for å fram flest mogleg av desse sakene, seier Songstad.