Sterk framgang for Erna Solberg og Høgre.
Foto: Andersen, Aleksander / ScanpixDet viser partibarometeret til NRK for februar, som er laga av Norstat.
Sidan valet i 2009 har Høgre gått fram åtte prosent, og Arbeidarpartiet har gått tilsvarande tilbake, ifølgje målinga.
– Politikken fungerer ikkje
– Grunnen er at Arbeidarparti-politikken ikkje fungerer, seier Høgre-leiar Erna Solberg, som er godt nøgd med å kapra framtidige røyster frå regjeringspartiet.
Ho meiner partiet framstår som mer gammaldags, mindre opptatt av å finna løysingar på ting og ideologisk bundne av venstresida sine løysingar. Det trur Solberg at veljarane ikkje likar.
– For oss er det er veldig hyggeleg, seier Solberg.
Tabellen frå Norstat viser endringar frå januar til februar. Feltperiode 8.2 til 14.2 N=633.
Også
har vist sterk framgang for Høgre.– Ikkje fornøgd
Raymond Johansen likar ikkje å tapa veljarar.
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIXPartisekretær Raymond Johansen i Arbeidarpartiet er ikkje nøgd med at dei taper veljarar.
– Vi likar ikkje å tapa veljarar til nokon parti, seier Johansen.
Han trur forklaringa kan vera at Høgre snakkar meir om saker som opptar Arbeidarparti-veljarar, for eksempel velferd.
– Det kan vera at Høgre-veljarar snakkar meir om velferd no, seier Johansen.
- Les og: