Ei av årsakene til nedgangen i 2004 er engasjementet i Fjord Line A/S der konsernet eig 33,4 prosent. Det dårlege resultatet der kosta Fjord1 9,4 millionar kroner i fjor.
I 2003 hadde dei også ein ekstraordinær gevinst gjennom salet av eit forretningsbygg i Bergen. Då kunne dei inntektsføre 33 millionar kroner i salsgevinst.
Desse postane forklarar det meste av nedgangen. I tillegg var det budsjettert med dårlegare resultat på den ordinære drifta. Mellom anna på ferjene rekna dei med å tene mindre pengar i fjor. Konsernsjef Olav Smørdal seier den ordinære drifta går betre enn dei hadde budsjettert med. Omsetnaden var på to milliardar kroner.
Minst 50 millionar i år
Han reknar med at resultatet blir betre i 2005.
- Vi har starta året brukbart, og vi har målsetnad om å slå resultatet i kjerneverksemda vår i nokså betydeleg grad.
- Kva betyr betydeleg grad?
- Eg vil ikkje konkretisere det før vi har hatt den endelege budsjettrunda i konsernstyret. Men det er i alle fall ein heilt klar målsetnad om å kome over 50 millionar kroner i overskot etter skatt, seier konsernsjefen.
Styret går inn for å betale ut eit utbytte på 20 millionar kroner til eigarane. Det er 10 millionar kroner mindre enn i fjor.