Hopp til innhold

Kraftig auke i talet pipebrannar

I 2021 var det nær 500 fleire pipebrannar enn året før. Høge straumprisar kombinert med mange på heimekontor gjer at vi fyrer meir med ved enn tidlegare, meiner DSB.

Pipebrann

PIPEBRANN: Her sløkker brannvesenet ein av svært mange pipebrannar det siste året.

Foto: Vestfold interkommunale brannvesen

14. januar skulle feiaren kome for å sjekke pipa til Nina Eleonore Johnsen i Sylling i Lier kommune. To dagar før vart ho også ein del av statistikken, då brann det nemleg i pipa hennar.

– Det var ein skremmande oppleving, seier Johnsen.

Ho oppdaga pipebrannen då ho kom heim etter å ha vore ute eit ærend. Før ho gjekk ut hadde ho lagt godt i omnen. Då ho kom heim merka ho ein intens varme frå pipa i kjellaren og skjønte med ein gong kva det var.

– Eg sjekka murane og pipa oppover i huset. I omnen i første etasje var det berre nokre glør at i omnen så skjønte eg at det var oska i kjellardelen av pipa som hadde tatt fyr.

Nina Eleonore Johnsen

OPPLEVDE PIPEBRANN: Sjekk pipa ofte er rådet frå Nina Eleonore Johnsen i Sylling i Lier kommune.

Foto: Privat

Kraftig auke

Brannen i Sylling er berre ein av svært mange pipebrannar det siste året. I alt var det 1596 pipebrannar over heile landet, 468 fleire enn i 2020, ifølgje tal frå Norsk brannvernforening.

I fjor var det 38 prosent fleire pipebrannar sett opp imot gjennomsnittet frå åra 2016-2020, syner tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Toril Segtnan i Sogn brann og redning trur ikkje høge straumprisar åleine er den einaste årsaka til auken. Ho peiker blant anna på pandemien som éi av årsakene til auken, mellom anna ved at fleire har teke i bruk eldstader som ikkje har vore i bruk på lenge.

– Koronaen har mykje å seie, folk er meir heime og vil ha betre komforttemperatur i heimen, seier Segtnan, som sjølv leiar førebyggande avdeling i Sogn brann og redning.

Prøvde å kvele brannen

Johnsen tenkte det kanskje vil kjølne av seg sjølv berre ho fekk stengt av luft tilgangen. Det gjorde det ikkje. Ho kontakta brannvesenet som rask kom til staden med fleire brannbilar. Då dei opna feieluka i kjellaren blussa flammane opp.

– På utsida kunne vi då sjå gneistane stå ut av pipa, og eg hugsar eg tenkte at no håpar eg pipa er så god som eg trur den er.

Pipa heldt og med god hjelp frå brannvesenet vart brannen sløkt.

Feieluke

GLOVARMT: Feieluke bær preg av at det har vore svært varmt på innsida.

Foto: Nina Eleonore Johnsen

Kuldeperiodar og dyrare straum del av forklaringa

Også DSB meiner koronapandemien der vi har vore meir heime er del av forklaringa bak auken, men viser også til fleire kuldeperiodar i 2021 og dyrare straum.

Elisabeth Sørbøe Aarsæther direktør i DSB, seier det ikkje er noko eksakt vitskap å skulle seie noko om kvifor vi no ser ein ganske kraftig auke i talet på pipebrannar

– Men det er jo nærliggande å tenke at mange no er meir heime på grunn av heimekontor. Det kombinert med høge straumprisar gjer at folk som kan fyre med ved gjer det, seier Aarsæther.

DSB viser til at dette er teikna på pipebrann:

  • Høg knitring eller buldring frå pipa er teikn på pipebrann
  • Flammar eller gneistar frå pipa
  • Mykje tett og tjukk røyk frå pipa
  • Veldig varm pipe eller sterk varmelukt frå pipa.

Unngå fuktig ved

Norsk brannvernforening åtvarar mot å bruke fuktig ved fyring.

– Fyrer du med fuktig ved kombinert med dårleg trekk kan det føre til sotbrann, fortel seniorrådgjevar Tom Erik Galambos i Brannvernforeningen i ei pressemelding.

Han peiker på fleire årsaker til pipebrann, mellom dei er feil dimensjonering av pipe og eldstad og feil fyring som gir ei ufullstendig forbrenning.

Han oppmodar folk om å ikkje brenne reklame, papp og papir i peis eller vedomn.

Dette kan bli ei potensiell brannfelle og noko som kan skape ein eksplosiv brann som er vanskeleg å kontrollere.

Ny innmat i pipa

Stålrøyr til pipe

NYE RØYR: Med desse stålrøyra på plass er pipa til Nina Eleonore Johnsen trygg igjen.

Foto: Nina Eleonore Johnsen

I Sylling har Johnsen ikkje latt seg skremme frå vidare vedfyring. Ho har nemleg fått sett inn nye stålrøyr i pipa og kjenner seg no tryggare enn før.

– Eg kjenner meg heilt trygg. Før brannen hadde eg gjort det eg skulle med jamleg feiing, så det viser berre kor viktig det er å få ein skikkeleg sjekk av pipa inn i mellom, og elles fyre med god trekk så det ikkje samlar seg sot i pipa.