Hopp til innhold

Langt fleire nordmenn campar: – Kan bli litt trongt med åtte stykk i vogna

LONE CAMPING (NRK): Talet på norske campingovernattingar auka kraftig i juni. Likevel klarar ikkje nordmenn fylla tomrommet etter utlendingar.

John Ottesen og Wenche Iren Reinnel Ottesen

PÅ CAMPINGFERIE: John Ottesen og kona Wenche Iren Reinnel Ottesen har reist Sør-Noreg på tvers i sommar. – Med åtte personar i campingvogn kunne vi gjerne hatt litt meir sol, samanfattar John Ottesen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Vi kosar oss, men er litt leie av vestlandsvêret. 9 av 11 dagar så langt har det regna, seier John Ottesen.

I snart to veker har han og eit reisefølge på åtte testa campinglivet i Sør-Noreg. Dei siste dagane har familien frå Moss parkert campingvogna på Lone Camping i Bergen.

Dei gjer dermed som veldig mange nordmenn har gjort denne sommaren.

Nye tal frå SSB viser at det i juni i år var 20 prosent fleire norske overnattingar i år samanlikna med fjoråret.

– Vi har vore ein tur i Kristiansand, Sandnes og Stord. No har vi stoppa i Bergen i tre-fire dagar med mange ungar og stor familie. Det kan bli litt vel trongt med åtte stykk i campingvogna, seier John Ottesen.

John Ottesen og kone

PÅ CAMPINGFERIE: John Ottesen og kona Wenche Iren Reinnel Ottesen reisefølgje på seks barn og vaksne på fjorten dagars campingtur i sommar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Nedgang totalt sett

Ifølgje SSB har campingovernatting i år hatt ein mindre nedgang enn andre former for overnatting gjennom dei tre siste månadane.

Likevel fall totale overnattingar på norske campingplassar med 20 prosent i juni på grunn av koronapandemien.

På campingplassen i Arna har det vore romsleg med plass i ordreboka, trass i at mange fleire nordmenn har valt campingferie denne sommaren.

Mangelen på tyskarar i bubil merker dei der òg.

– Vi ligg cirka 60 prosent under totalt denne sesongen. I eit vanleg år er rundt ein fjerdedel av gjestene nordmenn, no er det jo knapt utlendingar her, seier dagleg leiar Henrik Lohne.

Henrik Lohne, dagleg leiar ved Lone camping i Arna

UNDER NORMALEN: Dagleg leiar Henrik Lohne ved Lone Camping i Arna skulle gjerne tatt i mot fleire besøkande.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Nordmenn reiser til distrikta

Fleire norske overnattingsstader melder no at turistar frå Europa melder sin framkomst. På Sørlandet kan sesongen verta like bra som i fjor, dersom trafikken frå utlandet blir som venta.

Slik blir det nok ikkje for Lohne på Lone Camping.

– Me kryssar fingrane, men slik aktivitetsnivået er no, så minner det mest om ein vanleg septemberdag.

Denne veka kom hotell-tala for dei største byane for juli månad. Tala visar at storbyane tapte, medan fleire av dei mindre byane hadde fleire gjester enn på same tid i fjor.

Tilsvarande julital finst enno ikkje for campingplassar, men Lohne meiner trenden også ser ut til å gjelde her.

– Vi fekk ein indikasjon på dette i mai-juni då vi omtrent ikkje hadde folk, medan dei måtte avvisa folk andre plassar. Eg trur Distrikts-Noreg har vunne på at utlendingane reiser til storbyane, medan nordmenn reiser til distrikta, seier Lohne.

Gloppen Camping og fritidssenter

REKORDÅR: Ved Gloppen Camping & Fritidssenter i Nordfjord har det aldri vore meir besøk enn i sommar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Aldri fått fleire telefonar

For ved Gloppen Camping & Fritidssenter i Nordfjord litt lenger nord på Vestlandet, kan mangeårig innehavar Rune Kjørvik glede seg over ein makelaus sesong.

Etter ein trong start, snudde alt ved jonsok.

– Eg har drive denne campingplassen i tjue år og har aldri vore i nærleiken av så mange telefonar, seier Kjørvik.

Ifølge NHO Reiseliv si medlemsundersøking i slutten av juli er det nettopp distrikta som haustar fruktene av nordmenn sin noregsferie.

Ifølgje Kjørvik har det vore stinn brakke på så godt som alle campingplassane i Sogn og Fjordane. Også telt-turistane har det blitt fleire av.

– Til og med småbarnsfamiliane trassar styggevêret og slår opp telt i silande regn. Eg trur eg hadde halde meg heime, humrar han.

For familien Ottesen går ferda med campingvogna vidare austover.

Trass i ein heller våt rundtur denne sommaren, utelukkar ikkje Ottesen campingferie også neste år.

– Vi er litt som gullfiskar, så vi gløymer fort. Vi går med friskt mot neste gang.

Lone camping, Arna, Bergen

POPULÆRT: Mange nordmenn valde campingferie i juni, men på Lone Camping i Bergen var det mindre besøk enn dei hadde håpa på i sommar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK