Hopp til innhold

Kraftig auke i mangelen på arbeidskraft - må takka nei til oppdrag

Det manglar 60.000 årsverk i norsk arbeidsliv, over tretti prosent fleire enn i fjor. – Handverk må igjen bli eit fag vi er stolte av, seier anleggsgartnar.

Jon Jakobsen

MANGLAR FOLK: Jon Jakobsen er anleggsgartnar i Bergen. – At me er få gjer det veldig travelt for oss som er her, seier han.

Foto: Hanne Eskeland / NRK

– Tidlegare hadde me kanskje tre søkarar kvar dag. No er det berre ein eller to kvar månad.

Stein Wikholm er dagleg leiar hjå Wikholm anleggsgartnarmeister i Bergen, og han merkar utviklinga.

– Me manglar fagarbeidarar, noko som ikkje vert løyst med det fyrste. Difor må me takka nei til ein del oppgåver som me elles ville tatt, seier Wikholm.

Stein Wikholm

BEKYMRA: Stein Wikholm er dagleg leiar i Wikholm anleggsgartnermeister. – Me kan ikkje vere avhengig av å rekruttera frå andre land. Me må sørga for at dei me har her vil koma og jobba for oss.

Foto: Hanne Eskeland / NRK

På grunn av arbeidsinnvandring hadde Wikholm nok tilsette tidlegare. Det har endra seg.

– Mange av søkarane våre var frå Polen. No er det færre av dei også, seier han.

Han meiner det er viktig at den norske arbeidskrafta blir nytta.

106.000 menneske er utan arbeid i Noreg. Tal frå SSB syner at arbeidsløysa i Noreg er 3,8 prosent, justert for sesong.

– Me kan ikkje vera nøydde til å henta arbeidarar frå andre land. Me må sørga for at dei som bur i Noreg vil koma og jobba for oss. Det er den største utfordringa.

Manglar fagarbeidarar

Berre i Hordaland manglar bygg- og anleggsbransjen 1600 personar.

I nye Vestland fylke manglar bedriftene i alt 6500 tilsette. Det er 2500 personar fleire enn på same tid i fjor. Etterspurnaden er særleg stor etter folk med fagbrev.

Bygg og anlegg, helsesektoren og tenesteyting er ifølge Nav særleg utsett, Det bekymrar Knut Steinar Eitungjerde, direktør for samfunnsavdelinga i Nav Vestland.

Må rekruttera annleis

– Næringslivet går godt og er optimistisk. Situasjonen i Noreg er svært positiv, men rekrutteringa er utfordrande sidan arbeidsløysa er liten, seier han.

Mange av dei som kom til Noreg for å finna arbeid, særleg i bygg- og anleggsbransjen, har dratt tilbake. I tillegg er innvandringa lågare, forklarar Eitungjerde.

– Potensialet til å rekruttera er magrare. Me går mot tider der næringslivet har vanskar med å få rett arbeidskraft.

Knut Steinar Eitungjerde, direktør for samfunnsavdelinga i Nav Vestland

ANDRE TIDER: Direktør for Nav Vestland si samfunnsavdeling, Knut Steinar Eitungjerde, seier det er andre tider i næringslivet som gjer at mange bedrifter har vanskar med å skaffe folk.

Foto: Pressefoto / NAV

Eitungjerde håpar bedriftene kan opna opp for dei som ikkje er fullt kvalifiserte, og hjelpa dei med nødvendig utdanning.

– Me har eit potensial blant dei som står utanfor arbeidslivet som me kan utnytta betre. Om nokre har helseplager i eit tungt yrke, kan dei gjerne fungera i eit anna yrke, seier han.

Må snakka varmare om yrkesfag

Søkartala for yrkesfagleg opplæring i vidaregåande skule har vore relativt stabile dei siste fem åra. Men skal bedriftene få det dei ynskjer, må fleire velja yrkesfag.

– Me må gjera handverk til eit fag ein kan vera stolt av. Det har jo vore ei tung satsing på høgare utdanning ein god stund no, og det er viktig. Men alle ledda er viktige, ikkje berre dei som sit på toppen, seier Wikholm.

Jon Jakobsen

OPPFORDRING: Jon Jakobsen tok fagbrev som anleggsgartnar i vaksen alder. – Kvifor ikkje? Fleire kan gjerne gjera det same.

Foto: Hanne Eskeland / NRK