I fellesfjøsen i Stardalen i Sogn og Fjordane gir bonde Marit Flatjord kraftfôr til kyrne. Dette er noko som norsk landbruk blir stadig meir avhengig av dei neste åra. Alt no går det med store mengder.
– Kring 200 tonn kraftfôr går med kvart år, og det er alvorleg mykje. Men me skal produsere 500 000 liter mjølk og skal me klare å gjere det så er me nøydd til å bruke kraftfôr, fortel Marit Flatjord, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
– Det er ei utvikling eg ikkje likar noko særleg, seier Flatjord.
Må bruke jordbruksareal i Brasil
For kraftfôret i fjøsen er langt ifrå berre norsk. Ei viktig ingrediens i kraftfôret er soya frå Brasil. Dette bilr dyrka i staten Mato Grosso sentralt i landet. Her legg norske bønder og oppdrettsnæringa beslag på store areal ikkje langt unna Amazonas.
Globalt brukar Norge no nær tre millionar mål med åkerland for å få nok soya. Det er nesten like mykje som alt jordbruksarealet i Hedmark, Oppland og Østfold til saman. Ein tredjedel går til jordbruk, to tredjedelar til oppdrett. Likevel utgjer importen under 1 prosent av global produksjon.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Meiner soyaen er berekraftig
Denofa er selskapet som står for mest soyaimport til Norge. Samla sett står dei for ein fjerdedel av soyamjøl produksjonen i Norge. Frå Amazonaselva blir soyaen skipa til Denofa sitt anlegg i Fredrikstad. Her ligg det 25.000 tonn soya.
Administrerande direktør i Denofa Bjarne Rask Thomsen meiner at den soyaen dei importerer er berekraftig.
– All soyaen som ligg her er sertifisert berekraftig ved hjelp av det systemet som heiter Protera. Gjennom arbeid med sertifisering jobbar me med å få reelle forbetringar for eit berekraftig Brasil.
Likevel veit me at med auka etterspurnad ifrå Brasil, så kan presset på regnskogane auka, kva tenkjer du om den utfordringa?
– Eg tenkjer at det er eit globalt press på naturresursar fordi me blir fleire menneske og me treng meir mat. Me produserer meir kjøt, og eg tenkjer at den beste måten å takle det på er å jobbe skikkeleg seriøst med berekraftige sertifiseringar, og det er det me gjer i Brasil. Og spesielt i Mato Grossa, der all den soyaen kjem ifrå. Der jobbar me spesielt med å sikre at den er sertifisert berekraftig, fortel Rask Thomsen.
Frå fabrikken går soyamjølet til fôrprodusentar både i Norge og Sverige. Soyaen er etterspurt fordi den inneheld mykje protein, som trengst i produksjon av kjøt, fisk og mjølk.
- LES OGSÅ:
Fryktar regnskogen blir endå meir truga
Miljørørsla fryktar den store globale etterspurnaden.
– Det største problemet er jo at det er med på å legge press på dei knappe areala som er i Brasil. Jo fleire som etterspør soya jo større er sjansen for at ein må bevega seg inn i regnskogen. Dette gjeld Brasil, men også i nabolanda er det eit enormt press på areala der ein hogg ned skog for å dyrke soya, seier leiar i Framtiden i våre hender Arild Hermstad.
Hermstad seier Norge er nærmast i verdstoppen i forbruk av soya per innbyggar.
(Artikkelen held fram under biletet)
Landbruksministeren ser ikkje problemet
Landbruksminister Sylvi Listhaug seier derimot at det er viktig at bøndene får ta i bruk kraftfôr dersom bøndene sjølve meiner at det er nødvendig for å gi den beste kvaliteten på varene.
– Eg meiner det er eit større etisk problem dersom me skal importera meir ferdigprodusert mat. Kraftfôr er nødvendig for at me skal kunne produsere norsk mat i Norge, seier Listhaug.
Listhaug varsla denne veka at ho ynskjer å heve produksjonstaket for mjølk. Ho har tidlegare også signalisert større bruk innan egg, kylling og svin gjennom auka konsesjonsgrenser.
– Dette er ein situasjon som kjem til å vere der, som har vore der sidan midten av 1950 talet då importen av soya byrja. Det viktigaste er at me produserer høgkvalitetsmat til norske forbrukarar, seier Listhaug.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Etterlyser meir satsing på forskning
Attende i fjøsen i Stardalen meiner bonden sjølv at det er ei lei utvikling. I dalføret har fleire bønder satsa dei siste åra. Og det er ikkje meir grovfôr enn det trengst i bygda. Skal ein auke produksjonen må ein bruke meir kraftfôr.
– Det er ein vond sirkel som det er vanskeleg å kome ut av, seier Marit Flatjord.
Ho meiner det bør forskast meir for å finne måtar å bruke mest mogleg norske råvarer i kraftfôret.
– Ein bør satse på forskning og utvikling for å erstatte den soyaen og palmeolje som blir importert i dag. Men då må ein moglegvis minke kornareal og auke det til alternative fôrslag.