Hopp til innhold

Kraftanalytikar spår at Vestlandet blir den store straumtaparen

Vestlandet står for over ein tredel av den norske kraftproduksjonen. Likevel kan innbyggarane måtte betala meir enn resten av landet dersom sokkelen skal elektrifiserast, meiner kraftanalytikar.

Oljeplattform

FAKLING: Brenning av gass på ein oljeplattform i Nordsjøen. Ved å forsyna plattformene med kraft frå fastlandet, skal gassutsleppa frå petroleumsnæringa strupast. Det vil kosta.

Foto: Roger Hardy / Samfoto

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er uunngåeleg om ein ikkje brukar fornuft og stansar dette i tide, seier kraftanalytikar John Brottemsmo i Kinect Energy.

Olje- og gassinstallasjonane utanfor norskekysten skal forsynast med straum frå fastlandet.

På den måten slepp plattformene produsera straum i eigne gasskraftverk, og det norske utsleppet av klimagassar vil gå ned.

Dette har lenge vore den unisone meininga til fleirtalet av våre folkevalde.

Men med dei galopperande straumprisane denne hausten og vinteren er vinden i ferd med å snu.

– Me ser at det er ei avgrensa mengd kraft. Brukar me den tilgjengelege krafta feil, kan det fort skje at me tar vekk så mykje tilgjengeleg kraft at prisane vil stiga, seier energipolitisk talsmann Terje Halleland i Frp.

Terje Halleland, miljøpolitisk talsmann i Frp

SEIER NEI: Energipolitisk talsmann Terje Halleland i Framstegspartiet.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Prisane vil måtte gå opp

Frykta for høgare straumprisar er ein av grunnane til at Framstegspartiet no vil stansa elektrifiseringa av sokkelen.

I vinter har den norske stat eksportert kraft for milliardar. Men det norske straumoverskotet er ikkje uavgrensa.

Kombinert med eit forventa auka straumforbruk, og manglande leidningsnett til å frakta krafta effektivt rundt, er Brottemsmo redd at taparane blir dei som ligg nærast plattformene.

– Viss me får vidare utbygging som er basert på kraft frå Vestlandet, kan vestlendingane i verste fall få endå høgare prisar enn resten av Sør-Noreg, seier kraftanalytikaren til NRK.

– Korleis heng det saman?

– Produksjonen i Nordsjøen går kontinuerleg. Offshorenæringa gir staten inntekter og produksjonen skal ikkje stansast. Det vil i verste fall fortrenga anna forbruk ved at prisane vil måtte gå opp for å rasjonera mellom dei ulike kundane, spår Brottemsmo.

John Brottemsmo, kraftanalytiker Kinect Energy

KRAFTANALYTIKAR: John Andrew Brottemsmo.

Foto: Kinect Energy

– Vil framleis ha kraftoverskot

Energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier Noreg aldri vil nå måla i Paris-avtalen utan ei elektrifisering av sokkelen.

Likevel vil Persen passa på at belastninga ikkje blir for stor for somme.

– Kvart enkelt prosjekt som handlar om elektrifisering vil vera oppe til konsesjonsbehandling, seier statsråden.

Ein stor del av magasinkapasiteten i Noreg er i fjellområda i Sør-Noreg, spesielt i Telemark, Vestland og Rogaland, og i Nordland.

2019-tal frå SSB viser at berre Vestland fylke åleine stod for ein fjerdedel av all norsk kraftproduksjon.

I Vest-Noreg (prisområde N05) er det prosjekta på Troll B og C, Oseberg Feltsenter og Oseberg Sør og Noaka-feltet som er planlagt tilknytt straumnettet på land.

Departementet vedgår at det er vanskeleg å vite kva effekt elektrifiseringa vil få for straumprisen, og at ein ikkje veit dette sikkert i dag. Samstundes meiner dei Vestlandet har meir enn nok kraft.

– NO5 har eit stort kraftoverskot, og ei forbruksauke på denne storleiken gir ikkje utfordringar for prisområdet, skriv statssekretær Amund Vik (Ap) gjennom departementet si presseavdeling.

Vannmagasin

MAGASIN: Nyset kraftstasjon og Nyset dam i Årdal i Indre Sogn.

Foto: Østfold Energi

Vil likevel gi høgare straumpris i deler av landet

På same tid vedgår regjeringa at elektrifiseringa vil auke straumprisen for folk flest. Berekningar spriker mellom ein hundrelapp til 1200 kroner per hushaldning.

Ei prognose utarbeida av Oljedirektoratet og NVE tilseier at ein samla etterspurnad etter kraft frå land til petroleumssektoren er på om lag 14 TWh per år i 2030. Anslaget er usikkert.

I eit normalår produserer norske kraftanlegg 153 TWh elektrisk energi.

Behovet frå sokkelen er dermed drygt 10 prosent av den totale energiproduksjonen.

– All auke i forbruket av kraft trekker i retning av høgare straumprisar, inkludert meir bruk av kraft frå land på norsk sokkel, skriv statssekretær Vik.

NVE anslår at sjølv med omfattande elektrifisering vil Noreg framleis ha kraftoverskot i 2030 og 2040.

NVE sine analysar tilseier at straumprisane vil auka mest i område der dei i dag er lågast, opplyser Vik. Det er i åra som kjem venta ein stor forbruksauke i Nord-Noreg.

– Dermed er det Nord-Noreg som i snitt vil koma dårlegast ut av det, ikkje Vestlandet, ifølge statssekretæren.