Køyrde seg fast i Vågsøy

Eit vogntog lasta med 22 tonn stålvaier køyrde seg fast då det like før klokka 09 tok ein u-sving på ein snuplass ved Seterneset i Måløy. Vogntoget sperra ein periode eitt køyrefelt. Vogntoget skal no ha fått hjelp til å komme seg vidare.