Hopp til innhold

Må sone i fengsel etter krasj og båtpromille

Ein mann frå Sunnfjord i fengsel etter at han i januar i år køyrde på eit skjær utanfor Florø med solide mengder alkohol i blodet.

Politi-illustrasjon

HAVSNAUD: Mannen vedgjekk å ha køyrt med promille i Fjordane tingrett.

Foto: Lien / SCANPIX

Mannen i slutten av 50-åra var på veg frå Stavang og Svanøy til Florø då ulukka skjedde. Ved Bjørneholmen dundra han rett i eit skjær, både han og passasjeren fekk skadar.

Førre veke måtte mannen møte i Fjordane tingrett, der han utan atterhald tilstod at han hadde køyrd med 1,39 promille alkohol i blodet.

Retten har funne det skjerpande at båten han køyrde var ein svært rask båt på 24 fot med 270 hestekrefter. Båten hadde ein fart på 30 knop då båtføraren mista kontrollen og rende på skjæret.

– Retten er ikkje i tvil om at føring av båt under slike omstende er å sjå på som eit grovt lovbrot, og at omsynet til sjøtryggleiken tilseier tap av rett til å føre båtførarpliktig fritidsbåt, skriv retten i si avgjerd.

Mannen må no sone 24 dagar i fengsel, og får heller ikkje lov å føre fritidsbåt dei neste to åra.