Hopp til innhold

Køyrde ned ni meter autovern

Politiet etterlyser no sjåføren som i morgontimane i dag har køyrt ned ni meter autovern ved Bruland i Førde.

Køyrde ned ni meter autovern
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

- Vedkomande har ikkje meldt i frå slik ein er pliktig til etter vegtrafikklova, seier politibetjent Eivor Sleire Øyen.

Politiet står førebels utan spor etter den som i morgontimane har køyrt ned autovernet.

Køyrde ned ni meter autovern

Politibetjent Terje Molsnes

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

-Truleg er det eit større køyrety. Det seier politibetjent Terje Molsnes, i det han er i ferd med å gjere oppmålingar på staden. Han seier dei no blant anna ber dei som jobbar på ferjesambanda om å vere på utkikk etter bilar med skadar.

Sjå fleire bilete frå påkøyrsla