Køyrde med eksplosjonsfarleg dekk: – Aldri sett noko så ille, seier Vegvesenet

FØRDE (NRK): Kontrollørane fekk sjokk då dei kontrollerte ein semitrailer. – Å køyre på noko slikt er totalt uansvarleg og farleg for andre trafikantar, seier Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

Slitne dekk

MELD TIL POLITIET FOR DETTE: Sjåføren vart meld til politiet, og fekk samtidig eit gebyr på 2 000 kroner for å køyre med eit dekk med for dårleg mønster.

Foto: Statens vegvesen

Semitraileren køyrde med eit dekk som kunne ha eksplodert.

– Vi oppdaga at eit dekk på høgre side på ein semitrailer var totalt utslite. Korden var synleg rundt heile dekket, og det var også hol ein del stader i korden, fortel Svein Ove Salt i Vegvesenet.

Han er sjokkert over det dei såg under kontrollen i Førde måndag.

– Vi var fire kontrollørar på jobb, og vi har aldri sett noko så ille som dette, seier han.

I alt var 84 tunge køyretøy innom kontrollplassen, og ti av desse vart nærare kontrollert.

Eksposjonsfarleg dekk

FARLEG: Slik såg dekket på vogntoget ut då det var innom trafikkontrollen i Førde.

Foto: Statens vegvesen

Kunne ha kosta liv

Ifølgje Salt var dekket til stor fare for både sjåføren sjølv og andre trafikantar.

– Dersom eit slikt dekk eksploderer i nærleiken av fotgjengarar eller inne på ei ferje kan det gjere store skade. Eksplosjonskrafta er stor, og har kosta menneskeliv tidlegare, seier han.

Det var ikkje berre tilstanden på dekket som overraska kontrollørane.

– Det verste var at førar forklarte at han hadde overtatt vogntoget for tre veker sidan, og då hadde han oppdaga at dekket var i svært dårleg forfatning. Med andre ord har han køyrd rundt med dette dekket i tre veker, noko som er heilt «hinsides, seier han.

Svein Ove Salt i Statens vegvesen

SJOKKERT: Svein Ove Salt fekk seg ei overrasking under kontrollen i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Reservedekk i like dårleg stand

Sjåføren var utanlandsk og køyrde eit austeuropeisk vogntog. Då han skulle byte dekk heldt heller ikkje det mål.

– Det var gnaga store stykke ut av det, og korden var skadd også i dette dekket. Det var altså stor eksplosjonsfare også her, og føraren vart nekta å bytte. Han vart beordra til å kjøpe nytt i Førde, forklarar Salt.

Han seier at det i tillegg var glatt på vegane denne dagen.

– Å køyre på noko slikt er totalt uansvarleg og farleg for andre trafikantar, slår han fast.

Dei fleste er lovlydige

Salt fortel at storparten av køyretøya på vegane er i god stand.

– Dei fleste gjer så godt dei kan og følgjer lover og reglar. Men dessverre opplever vi med ujamne mellomrom å få køyretøy og sjåførar innom kontroll som ikkje burde vere på vegen, seier han.

Sjåføren som køyrde med farlege dekk vart meld til politiet, og fekk samtidig eit gebyr på 2 000 kroner for å køyre med eit dekk som hadde for dårleg mønster.

– I tillegg fekk han informasjon om korleis dekk skal vere i Noreg, og det er ikkje slik, avsluttar Salt.