Køyrde inn i politibil

To politipatruljar var ute og kikka etter bilføraren som var mistenkt for å køyra i rusa tilstand. Plutseleg var han der.

Klokka 04.10 natt til søndag fekk politiet melding om at ein rusa mann var ute og køyrde bil i nærleiken av Lindås senter.

– To politipatruljar blei sendt ut på oppdraget, som enda med at mannen frontkolliderte med den eine politibilen, seier operasjonsleiar Terje Hilland i Hordaland politidistrikt.

Ingen personar kom til skade i kollisjonen, men politibilen måtte tauast vekk. Det blei tatt blodprøve av mannen, før han blei tatt med til politihuset.

Politiet har i natt fått fleire meldingar om mistanke om promillekøyring. På Husnes blei ein mopedføar stoppa, han hadde heller ikkje gyldig førarbevis. På Straume køyrde ein ein bilførar i slutten av 20-åra inn i autovernet, og også i Knarvik blei ein bilførar stoppa av politiet. Alle blei tatt med til legevakt for blodprøve.