Hopp til innhold

Køyrde i påverka tilstand to dagar på rad – andre gong førte til trafikkuhell

Ein mann i 30-åra blei laurdag kveld tatt for promillekøyring. Søndag ettermiddag køyrde han rusa igjen. Då kolliderte han med ein annan bil.

Ulykkesstad på Askøy

ULYKKESSTAD: To bilar kolliderte på Kollevågvegen på Askøy. Den eine føraren er mistenkt for promillekøyring.

Foto: Lucas J. Roussel

Like før klokka 18.00 søndag melde Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på Kollevågvegen på Askøy. Det var ein front mot frontkollisjon mellom to bilar.

Tre personar var involverte, men det blei ikkje meld om alvorleg personskade.

Men føraren av den eine bilen viste seg å truleg ha køyrt i påverka tilstand.

– Han blei testa på staden og blåste godt over grensa, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Han fortel at apparata dei testar med berre gir indikasjonar, og at resultatet må stadfestast av blodprøvar i ettertid.

Trafikkulykke på Kollevågsvegen på Askøy

OPPMERKT: Trafikkuhellet skal ha skjedd i 18-tida søndag kveld. Her har politiet merka opp kvar i vegen det skjedde.

Foto: Lucas J. Roussel

– Men i tillegg til blåseresultata, gav oppførselen hans òg grunn til mistanke, seier Algrøy.

Dei to i den andre bilen var ein mann og ei dame i 70-åra.

Tatt for promillekøyring kvelden før

Mannen i 30-åra blei òg laurdag kveld rundt klokka 23.30 stoppa for promillekøyring.

– Det var ein bil som låg bak han og såg at han haldt på å kollidera i ein lyktestolpe, seier Algrøy og fortel at òg denne kvelden skal ha blåst langt over greinsa.

Promillekøyringa skal ha skjedd i same område. Mannen blei dimittert på staden. Han var ikkje ein kjenning av politiet.

- Ein blir ikkje arrestert for vanleg promillekøyring. Førarkort blir beslaglagt, og så blir ein dimittert, seier Algrøy.

Han fortel vidare at politiet ser alvorleg på hendinga.

Like før klokka 21 søndag kveld seier Aøgrøy til NRK at det har blitt tatt blodprøvar av mannen, og at han blei dimittert.

- Ein jurist har vore med på å vurdera saka, og mannen blei sendt heim.

Kollisjonen søndag kveld skjedde ved Tveitevannet på Askøy.