Køyrde i 130 km/t i 80-sone

Ein mann på 21 år har mista førarkortet etter at han torsdag i 22.45-tida køyrde i 130 km/t i 80-sona i Bømlafjordtunnelen. Han vart stoppa av utrykningspolitiet og politimeldt, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.