Hopp til innhold

Køyrde 85 mil for å stå på ski - møtte istaden stengd veg

Daniel Björkholm køyrde frå Stockholm til Stryn for å få stå på ski ved Stryn Sommarski i pinsehelga. Men ein ubrøytt veg sette ein stoppar for det.

Daniel Björkholm

LIKAR SEG: Daniel Björkholm har vore på Stryn Sommarski kvart år sidan 1995 (Privat bilete).

Foto: privat

Björkholm er som veteran å rekne i skimiljøet, og vore på Stryn Sommarski kvart einaste år sidan 1995.

– Vi hadde håp om å vere klar der til 22. mai, men det vart det ikkje noko av, seier Bjørkholm.

For hardpakka snø øydela brøyteutstyret, og når gamle Strynefjellsvegen ikkje vart opna, vart det heller ikkje opning av skisenteret.

– Det gir eit veldig dårleg rykte for skianlegget. På campingplassen der vi budde var det folk som hadde komme med fly frå Skottland for å stå på ski, fordi det skulle vere så fint der. Men så skjer dette, seier Bjørkholm hovudristande.

Meiner det kunne vore løyst betre

Sjølv har han agentur på eit amerikansk skimerke, og drog til Stryn for å teste ut neste årsmodell.

– Vi hadde invitert kundar som skulle få prøvekøyre neste års modell. Men det vart det jo ingenting av, seier Björkholm.

Han er hovudristande til måten det vart gjort på.

– Dette kunne vore løyst betre frå Vegvesenet si side, seier Björkholm.

Meiner vêret var for dårleg

Statens vegvesen har på si side halde fast på at dei avviser kritikken.

– Vi har lova opning til 1. juni, og det har vi også kommunisert til eigarane av sommarskisenteret. Dersom forholda ligg til rette for det, opnar vi før. Men det har dei ikkje gjort så langt, sa prosjektleiar Lars Erik Karlsen til NRK før helga.

Den forklaringa kjøper ikkje Björkholm.

Lars Erik Karlsen

HAR LOVA OPNING TIL 1. JUNI. Lars Erik Karlsen er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Vegen mellom Grotli og Geiranger har jo vore oppe sidan slutten av april. Om ein ikkje klarar å opne vegen til Strynefjellet i slutten av mai, så er det rart, seier Björkholm.

Han meiner det ikkje går an å skulde på dårleg vêr heller.

– Det triste i det heile er at Vegvesenet ikkje forstår konsekvensen for Stryn sommarskisenter og Stryn kommune og campingplassane. Det er mange som er avhengige av Stryn sommarskisenter, seier Björkholm.

Drog til Juvas i staden

Det er ikkje Karlsen samd i, som før helga sa til NRK at det snødde så tett at brøytemannskapet ikkje såg ei hand for seg. Det vart også gjort eit nytt forsøk laurdag, men også då vart dei stogga av vêret.

Følgjet til Björkholm drog til slutt til Juvasshytta for å få snø under skia.

Björkholm kjem tilbake

RETURNERER: - Eg kjem nok tilbake, men då kjem eg til å forsikre meg om at alt er i boks før eg set meg i bilen, seier Björkholm.

Foto: privat

– Då fekk vi iallfall stått litt på ski. Juvass har ikkje heilt det same å by på som Stryn, men kva skulle vi gjere. Men vi følte oss alle veldig skuffa, spør Björkholm.

Han er slett ikkje sikker på om han kjem til å setje seg i bilen neste vår for å satse på å få med seg opninga av sommarskisenteret.

– Vi kjem nok tilbake, men vi kjem nok til å vere meir nøye med å sjekke ut at dei har opna og at vegen er open, ikkje berre lite på ein dato, seier Björkholm.

Gamle Strynefjellsvegen opna torsdag morgon klokka 08.30.