Hopp til innhold

Køyrde 15 kilometer på elsparkesykkel – på motorvegen

Ein rusa mann blei stoppa på elsparkesykkel ved Sartor senter, 15 kilometer og fleire motorvegtunnelar frå Bergen sentrum.

EIN TIME: Tar du motorvegen heile vegen frå Bergen sentrum til Straume, tar det i underkant av ein time på sparkesykkel. Mannen vart observert i fleire tunnelar på motorvegen.

Natt til fredag var det veldig travelt i Vest politidistrikt. Lovens lange arm måtte hanskast med ordensforstyrring, rusa personar, slagsmål og forstyrring av natteroa.

Politiet i Bergen måtte jakta på ein person på elsparkesykkel gjennom fleire tunnelar på riksvegen.

– Me fekk fyrst melding om nokon køyrde elsparkesykkel i Damsgårdstunnelen. Då stengde me tunnelen, seier Vibeke Næss, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Men då politiet kom til tunnelen, var verken den rusa føraren eller elsparkesykkelen der. Saman hadde dei sporlaust forsvunne.

Fann att den rusa personen fem tunnelar seinare

– Ei lita stund etterpå meldte ein bekymra bilist i Loddefjord inn om ein elsparkesykkel og ein rusa førar. Bilisten hadde nesten blitt påkøyrt av elsparkesykkelen, og var uroa for at personen skulle køyra vidare, seier Næss.

Heller ikkje i Loddefjord lukkast det politiet å få fatt i den rusa el-sparkesyklisten.

I staden fekk politiet melding om ein person på elsparkesykkel i Kipletunnelen.

Det er 10 kilometer frå Bergen sentrum. Dessutan er Kipletunnelen tunnel nummer fem frå den tunnelen der elsparkesykkelen fyrst blei sett.

Men heller ikkje her rakk politiet el-sparkesyklisten.

Det gjorde dei ikkje før vedkomande var kome til Sartor senter. Det ligg på Sotra, 15 kilometer frå Bergen sentrum, der mannen hadde leigd sykkelen frå.

– Personen var rusa og vert meldt, opplyser Næss.

Åtvara mot ruskøyring

Tidlegare i juli åtvara politiet i Bergen mot å køyra elsparkesykkel rusa. Mellom anna fekk ein mann i 20-åra 15.000 kroner i bot etter han hadde køyrd inn i ein parkert bil med elsparkesykkel.

Mannen hadde blåst til 1,9 i promille.

– I Bergen sentrum er dette eit nytt fenomen, og kanskje noko befolkninga ikkje tenkjer over. Me meiner det er riktig å senda eit signal og minna befolkninga på at det er eit stort farepotensial når ein tar i bruk elsparkesykkel når ein ikkje er skikka til det, sa politiadvokat Ole Vallestad Emmerhoff i Vest politidistrikt då.