Hopp til innhold

Kosta 20 millionar for fire år sidan – no vert superbussane vurdert seld

Fylkeskommunen tok 50 prosent av rekninga då Bergen som første by i verda gjekk inn for å teste gasshybridbussar. – Vi veit ikkje kor mykje vi kan få for dei no.

Kjempebussen ved Fisketorget

AVSLUTTAR PROSJEKTET: Høge vedlikehaldskostnadar, låg driftsstabilitet og krav om eigne dispensasjonar for å køyre er blant grunnane til at superbussane truleg ikkje har ei framtid i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I oktober 2014 rulla den første biogasshybrid-bussen inn til Bergen. Med sine 24 meter var det Noregs lengste buss. Ikkje lenge etter kom endå ein til byen.

Bussane har ei teknisk løysing der hjula vert drive av ein elektromotor som får energi frå biogass og bremsesystemet.

– Dette prosjektet set Bergen på kartet, sa Ove Lunde i HOG Energi til BT då prosjektet vart vedteke.

Men no vurderer Skyss å selje superbussane, skriv BA.

– Lite anvendelege

– Bussane har ei rekke avgrensingar som gjer dei lite anvendelege på busslinjene. Vi vurderer difor kva som skal skje med bussane, seier samferdselsdirektør Håkon Rasmussen i Hordaland fylkeskommune til NRK.

Skyss måtte få dispensasjon frå Vegdirektoratet for å få bruke bussane i sentrumsgatene.

– Dei kan ikkje køyrast over alt, seier Rasmussen.

Dei to bussane går i dag i regulær trafikk mellom Høgskulen på Kronstad og sentrum. Denne ruta vert avslutta frå årsskiftet, fordi byggearbeid kjem i vegen for snuplassen som dei 24 meter lange bussane brukar.

– Vi ser også at mange vel Bybanen framfor desse bussane, seier Rasmussen.

Fylkeskommunen sitt hus i Bergen

BETALTE HALVPARTEN: Fylkeskommunen tok halve rekninga for superbussane i 2013. I eit notat fylkesrådmannen tidlegare i år sende til fylkesutvalet kjem det fram at bussane truleg ikkje har ei framtid i Bergen.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Han understrekar at bussprosjektet var eit forsøk, og at ein har vore innstilt på å avvikle det på sikt.

– Dette var for å sjå på moglegheita for meir bruk av gass og å teste ut ny motorteknologi, seier Rasmussen.

Bidrog med 10 millionar

Superbussane er delfinansiert av Transnova og EU. Totalramma var på knappe 20 millionar kroner. Fylkeskommunen bidrog med 10 millionar.

– Vedlikehaldskostnadane er månadleg på drygt 24.000 kroner per buss, det vil sei ein årleg vedlikehaldskostnad på 577.400 kroner, seier pressekontakt Camilla Lundberg Berntzen i Skyss.

Fylkeskommunen veit framleis ikkje kor mykje ein kan rekne med å få for bussane ved eit eventuelt sal.

– Vi ser på ulike moglegheiter, seier Rasmussen.

Hordaland fylkesting har nyleg vedteke at busstrafikken i Bergen skal vere fossilfri innan 2020 og i Hordaland innan 2025.

– Vi har ikkje teke stilling til kva type bussar som skal brukast for å nå nullutslepp. Vi er opptekne av å sikre nok finansiering til bybanen, og så er det viktig å få på plass trolleybussane, seier SVs Marthe Hammer, nestleiar i utval for miljø og samferdsle.

Marthe Hammer

VIL EVALUERE: Marthe Hammer (SV) seier erfaringane med superbussane må evaluerast. Ho meiner det viktigaste er å satse på Bybanen og trolleybussar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Erfaringane vi har gjort oss med superbussar er ikkje bortkasta, men vi må evaluere dette og sjå om dei passar inn i strategien framover, seier Hammer.

Rasmussen fortel at erfaringane skal brukast internasjonalt.

– Kanskje har vi vore med på å opne nokre dører inn mot vegmyndigheitene for å kunne nytta 24-meters bussar i Noreg, seier Rasmussen.