Hopp til innhold

Kortreist smørbrød frå Sunnhordland

Beate Hannisdal tek utgangspunkt i den tradisjonsrike Sundepølsa som i dag blir produsert i Rosendal, og ramsløk-ost som blir produsert på Tysnes.

Smørbrød.
Foto: NRK

Alle distrikt og regionar har dei; lokale matprodusentar som lagar eitt eller anna velsmakande å eta. Beate Hannisdal tek i dagens rett utgangspunkt i den tradisjonsrike Sundepølsa som i dag blir produsert i Rosendal og ramsløk-ost som blir produsert på Tysnes.

Dessutan heimelaga brød og litt grønsaker og frukt. På denne måten vil ho presentera lokal matkultur for turistane.

Slik gjer du:

Kok opp ei Sundepølse. Kjøl den ned ta av skinn eller skall som nokon kallar det. Denne pølsa har skinn av ekte tarm og løyser såleis veldig lett.

Pølser til kortreist smørbrød frå Sunnhordland
Foto: NRK

Steik to brødskiver i smør på steikepanna. Snu etter ca 2 minutt og du får sprøe og gode skiver. Steik samtidig 5-6 skiver av den kokte Sundepølsa.

Legg pølse mellom dei to skivene og over den øvste skiva. Skjær to saftige stykker av ramsløkosten og legg over skivene og pølsebitane.

Set dette i steikeovnen på 200 grader C i 3-4 minuttar slik at osten smeltar over pølsene og skivene.

Kortreist smørbrød frå Sunnhordland
Foto: NRK

Pynt med ringar av rødløk,ein fin vårløk eit blad av sommarkål og litt persille. På toppen eit stort delt jordbær.

Eit smørbrød som nærmar seg ein middagsrett.