Hopp til innhold

Stengjer skule i Høyanger: – Vi må vere føre var

HØYANGER (NRK): Leiinga i Høyanger kommune har i dag sete i krisemøte. Dei stenger no Bjordal skule og barnehage.

Kristine Brix Longfellow og Kjellaug Brekkhus

FØRE VAR: Kommunelege Kristine Brix Longfellow og rådmann Kjellaug Brekkhus legg vekt på at Høyanger kommune må vere føre var når det kjem til koronaviruset.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kommunen sette krisestab i dag, og har valde å stengje Bjordal skule og barnehage.

Ein person som har vore på besøk i barnehagen blei sett i karantene etter at ho kom heim til Tyskland.

– Ho har vore ilag med barn i barnehagen. Ho har vore i eit smitteområde og er ein høgrisikoperson. Vi må vere føre var, opplyser kommunelege Kristine Brix Longfellow.

Ho legg til at denne personen ikkje har hatt symptom.

Vurderer samlingar

Ingen har til no testa positivt på koronaviruset i Høyanger.

Rådmann Kjellaug Brekkhus opplyser at dei sette krisestab for å vere føre var.

– Vi vil stenge ned ein del aktivitetar og legge ut nye opplysningar på heimesida vår, fortel ho.

Idrettshall og symjehall i kommunen er òg stengt. Kommunen vil dessutan gjere vurderingar av samlingar der fleire enn 30 personar er til stades.

Høyangerbadet

STENGT: Også Høyangerbadet blir stengt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kommunen er veldig sårbar om vi får eit utbrot. Då er det betre at vi tek litt i, seier Brekkhus.

Familiar i karantene

På Vassenden skule i Jølster er to familiar i tilknyting til skulen sett i karantene. Ifølgje kommuneoverlegen i Sunnfjord er det ikkje mistanke om at smitta har blitt vidareført til andre.

Undervisninga ved skulen går som normalt.

– Vi held oss til det vi får beskjed om frå kommuneoverlegen i Sunnfjord, og det er å halde opp vanleg drift, seier rektor Anne-Cecilie Kapstad.

Ho seier det har vore eit tema på skulen i fleire veker at koronaviruset også kan kome til dei.

– Eg trur det viktigaste vi kan gjere er å snakke med elevane og gi dei faktabasert kunnskap, seier Kapstad.

Rektor Anne-Cecilie Kapstad og tiandeklassingar på Vassenden skule

MÅ GI FAKTA: – Eg trur det viktigaste vi kan gjere er å snakke med elevane og gi dei faktabasert kunnskap, seier rektor Anne-Cecilie Kapstad, her saman med tiandeklassingane Emmerense og Nikolai.

Foto: Bård Siem / NRK

Tiandeklassingane Nikolai og Emmerense er ikkje veldig uroa for koronaviruset,

– Så lenge folk held karantenen og har god hygiene, trur eg det går fint, seier Emmerense.

Kjem for nært

Anna Årdal (81) bur på Vassenden Ho er redd for å få koronaviruset.

– Eg synest det kjem altfor nært innpå no, viss det er det dei har, seier Årdal.

Ho fortel at ho vaskar seg ekstra mykje på hendene for å verne seg mot smitte. Ho meiner folk også bør reise mindre til situasjonen har roa seg.

Anna Årdal, Vassenden

UROA: 81 år gamle Anna Årdal på Vassenden seier ho uroar seg over koronaviruset.

Foto: Bård Siem / NRK

– Folk kan halde seg heime til dette er over, seier ho.

Ber tilsette ikkje reise utanlands

Også i Vik kommune bur dei seg på tiltak. Her har ingen førebels fått påvist smitte, men ordførar Roy Egil Stadheim trur også dei vil få koronasmitta i kommunen.

– Eg ser andre kommunar gjere drastiske tiltak, og det er der vi også er no, seier Stadheim.

Vik kommune har blant anna innført reglar som blant anna seier at alle arrangement i regi av VIk kommune vert avlyst. Møteverksemd med fleire enn 15 deltakarar vert avlyst. Dette gjeld også politiske møte. Alle tilsette vert også oppmoda om å ikkje delta på kultur- eller idrettsarrangement eller å reise til utlandet. Tilsette som likevel vel å reise på ferie til utlandet, må rekne med karantene for eiga rekning når dei kjem heim.

Avlyste meisterskap

På Nordfjordeid valde Eid vidaregåande skule å avlyse fylkesmeisterskapen i yrkesfag som skulle vore arrangert onsdag med fleire hundre tilskodarar.

Også fylkesmeisterskapen for ungdoms- og studentbedrifter og regionmeisterskapen for elevbedrifter i Førdehuset 18. mars blir avlyst grunna situasjonen rundt koronaviruset. Det blir halde eit alternativt arrangement ved hjelp av digitale løysingar same dato.

Også det regionale symjestemnet for dei beste symjarane på Vestlandet i aldersgruppa 10 til 16 år er avlyst. Stemnet skulle gått av stabelen i Førde komande helg. Det var påmeldt 313 deltakarar

Onsdag kom det melding om at ein utvekslingsstudent ved Universitet i Bergen er smitta av koronaviruset.

Studenten er sett i heimekarantene i studentbustaden sin.