Hopp til innhold

Koronasjuk tok taxi utan å fortelje at han var smitta

Ein mann har vedgått at han tok drosje til sjukehuset på Nordfjordeid, trass i at han visste at han var smitta med covid-19.

Smittestasjon på Nordfjord sjukehus i Stad.

FRAKTA HIT: Luftvegsklinikken og teststasjonen på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Han erkjenner straffskuld for å ha brote koronaregelverket, seier politisjef i Stad, Tormod Hvattum til NRK.

Det var drosjesjåføren som melde mannen til politiet etter at han blei klar over at passasjeren var smitta.

– Det er rimeleg idiotisk og totalt unødvendig. Då har eg brukt fine ord. Eg var ikkje blid då eg fekk høyre dette, fortel drosjeeigaren til NRK.

Passasjeren kan no vente seg eit førelegg, men storleiken på det er ikkje fastsett enno. I andre liknande tilfelle har førelegget vore på opp til 20.000 kroner.

– Her er det fleire som har blitt sett i potensiell fare. Det er all grunn til å ta regelverket om karantene og isolasjon på alvor, slår Hvattum i politiet fast.

Har tatt koronatest

NRK har gjort fleire forsøk på å få kontakt med den smitta passasjeren, førebels utan å lukkast.

Arbeidsgjevaren til den smitta ønskjer ikkje å seie noko til NRK, og syner til at det er ei privatsak.

Taxisjåføren blei sett i karantene frå førre torsdag og til og med kommande helg.

Politimeldinga går både på brot på isolasjonsplikta og for tap av inntekt.

Sjølv kjenner han seg frisk og er symptomfri, men har likevel tatt ein test. Han får svar på den i morgon.

Over 40 personar har testa positivt for covid-19 etter smitteutbrot i Stad.

Tormod Hvattum

POLITISJEF: Tormod Hvattum.

Foto: Silje Guddal / NRK