Hopp til innhold

Koronasjuk tok drosje – får 20.000 kroner i bot

Taxiforbundet er nøgde med at ein passasjer fekk straff. – Drosjesjåførar er ei utsett yrkesgruppe. Både sjåførar og passasjerar må ta forholdsreglar.

Smittestasjon på Nordfjord sjukehus i Stad.

FRAKTA HIT MED DROSJE: Luftvegsklinikken og teststasjonen på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det seier styreleiar Øystein Trevland i Norges taxiforbund etter at ein koronasmitta drosjepassasjer som i november tok drosje i Stad kommune, får 20.000 kroner i bot.

– Vi ønskjer at alle skal følgje alle lover og reglar for korona. Alle som bryt desse får bot, og då er det på sin plass at han som tok drosje også får det, seier Trevland.

– Idiotisk og totalt unødvendig

Drosjeturen skjedde samstundes som det var eit stort smitteutbrot i Stad kommune. Først etter turen fekk drosjesjåføren beskjed om at passasjeren han køyrde til sjukehuset på Nordfjordeid, var smitta.

– Det er rimeleg idiotisk og totalt unødvendig. Då har eg brukt fine ord. Eg var ikkje blid då eg fekk høyre dette, fortalde drosjeeigaren til NRK.

Han blei sjølv sett i karantene og måtte teste seg etter køyreturen. Drosjeeigaren melde passasjeren til politiet for brot på isolasjonsplikta.

– Her er det fleire som har blitt sett i potensiell fare. Det er all grunn til å ta regelverket om karantene og isolasjon på alvor, sa regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord etter at saka var meldt.

Kan ende i retten

Passasjeren erkjende straffskuld for å ha brote koronaregelverket. No har han altså fått 20.000 kroner i bot.

– Han har moglegheit til å ikkje vedta bota. Saka vil då ende i retten, seier Hvattum.

Dette er den andre bota politiet i Sogn og Fjordane skriv ut for brot på smittevernreglane. I mars fekk ein koronasmitta helsearbeidar 20.000 kroner i bot for å ha reist på fest med fleire unge som sat i karantene.