Hopp til innhold

Koronafrykt i bustadmarknaden: Mange vågar ikkje å gå på visning

Salet av bustadar går ned, og folk som har kjøpt ny heim fryktar dei ikkje får selt den gamle. – Me er veldig spente på korleis dette vil gå.

Boligannonse, Svein Magnus Henriksen sitt hus i Fyllingsdalen.

VANSKELEG TIMING: Huset til Svein Magnus Henriksen i Fyllingsdalen er for sal midt i koronakrisa.

Foto: Eiendomsmegler Vest

– Me er inne i heilt ukjent farvatn no. Det er veldig vanskeleg å seia korleis dette vil utvikla seg, seier styreleiar Kurt Buck i Norges Eiendomsmeglerforbund.

Lågare oppmøte på visningar

Tonje Helvig i Eiendomsmeglar Vest si avdeling i Bergen sentrum stadfestar at folk er usikre på kva som skjer og at endringane i verda grunna koronaviruset gjer uro i bustadmarknaden.

– Den siste veka har me hatt nedgang i talet på selde bustadar. Og det har vore noko lågare oppmøte på visningar dei siste dagane.

Derimot har det ikkje har vore store endringar i salssummar, seier ho.

– Det er nok naivt å tru at koronakrisa ikkje vil få konsekvensar for bustadmarknaden, men spørsmålet er kor lenge dei vil vara. Eg trur ikkje nokre vanskelege månadar vil øydelegga marknaden slik vi kjenner den.

Dobbel uro

Buck i Eiendomsmeglerforbundet seier bustadsalet i landet førebels går omtrent som før, men reknar med at både tilbod og etterspurnad kjem til å falla omtrent parallelt.

Kurt F. Buck, styreleiar i Norges Eiendomsmeglerforbund

USIKKER: – Me er inne i heilt ukjent farvatn no, seier Kurt Buck i Norges Eiendomsmeglerforbund.

Foto: CF-WESENBERG

Ein ting er den økonomiske uvissheita. I tillegg er folk redde for å bli smitta på visning.

I vindusutstillingane til eigedomsmeklarane har annonsane no som oftast ekstra lappar med tilbod om privat visning.

Meklarane seier stadig fleire føretrekker privat visning.

– Så me prioriterer det og sørger for at seljar reingjer dørhandtak og liknande godt og at kjøpar brukar antibac eller hanskar, seier Buck.

– Uheldig

I Fyllingsdalen i Bergen sit Svein Magnus Henriksen klar til å selja huset sitt. Førstkommande tysdag blir det visning i det raudmåla enderekkehuset med usjenert hage, som annonsen seier.

– Det var uheldig med situasjonen som har oppstått. No kan det ikkje vera mange menneske samla på éin stad, så folk må bestilla tid til visning på førehand. Me er veldig spente på korleis dette vil gå.

Familien har budd her i 28 år. Når dei først skulle selja, fryktar Henriksen at timinga er dårleg.

– Det er ikkje ein normalsituasjon, men me håpar det beste. Folk skal jo ha bustad også når dette er over.

Enkeltvis

Eigedomsmeklarane forsikrar at dei no gjer alt dei kan for at visningane skal gjennomførast trygt og godt.

– Dei som har folk heime som er i faresona, skal få gå åleine på visning, seier Tommy Kaland i Kaland & Partners.

Søndag hadde han ti private visningar på eit hus kor interessentane slapp inn ein og ein og fekk 10-15 minutt kvar for seg.

– Ein del som skal selja har kanskje kjøpt nytt allereie. Er mange urolege for å ikkje få selt det gamle?

– Det er ein veldig belastande situasjon å oppleva laber interesse for bustaden sin. Men ting har endra seg drastisk kvar dag i det siste, så det er vanskeleg å anta korleis dei neste vekene blir, seier Helvig i Eiendomsmegler Vest.

– Me veit ikkje enda. Me er veldig usikre. Risikoen no er, eller somme er redde for, om dei får seld bustaden sin, seier Kaland.

Tonje Helvig, Eiendomsmegler Vest

HÅPAR: Tonje Helvig i Eiendomsmegler Vest ser alvorleg på situasjonen, men håpar det kjem til å losna.

Foto: Eiendomsmegler Vest

– Renta positiv for prisnivået

Buck prøver å roa med at i Bergen vart det førre veke selt like mange bustader som i same veke i fjor.

– Me forstår at folk kan vera engstelege for bustadverdien sin, men framleis er bustadsalet greitt. Så langt verkar folk avbalansert, med is i magen.

Meklarane avviser at seljarar har byrja å redusera prisantydningane.

– Folk flest er mest opptekne av å få trygg tilrettelegging for å sjå bustadane. Når Noregs Bank no har sett ned renta, vil vera positive drivarar for å halda oppe prisnivået, meiner Helvig.

Men avslappa er ho likevel ikkje.

– Vårt råd er å selja i dag viss ein får ein god pris, ikkje venta på korleis marknaden utviklar seg.