Hopp til innhold

Korona gjer at eldre og kollektivreisande vil ha førarkort

Korona har ført til lange ventelister hos trafikkstasjonane. Det nye er at også eldre strøymer til trafikkskulane.

Ingvar Lysholt, trafikklærar ved Pers trafikkskole

PÅ FARTEN: Ingvar Lysholt ved Pers trafikkskole i Førde hastar vidare til endå ein dobbeltime med ein heldig elev.

Foto: Adan Tassamma / NRK

– Elevmassen er større og eldre enn normalt. Det kan kome av at fleire i byane prøver å unngå kollektivtrafikk som eit smitteverntiltak, seier Øyvind Årbogen, som er fagkonsulent i Noregs Trafikkskoleforbund (NTSF).

NRK har tidlegare skrive om etterslep og lange ventelister ved trafikkskulane som følgje av pandemien.

Men det er ikkje berre unge sjåførar som «hopar seg opp».

Årbogen fortel at den typiske sjåfør-aspiranten er ein som i løpet av pandemien har funne ut at ho (eller han) treng førarkort likevel.

– Det har alltid vore kø ved trafikkstasjonane, men dei har blitt lengre. Når førarprøvene stoppar opp, så blir det også lengre køar ved trafikkskolane, seier han.

Bybanen i Bergen på endestoppet

SMITTEVERN: – Elevmassen er større og eldre enn normalt. Det kan kome av at fleire i byane prøver å unngå kollektivtrafikk som eit smitteverntiltak, seier Øyvind Årbogen, som er fagkonsulent i Noregs Trafikkskoleforbund (NTSF).

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Har ikkje vore nokon grunn for å ta lappen før nå

Allereie to månader ut i pandemien meldte Statens vegvesen at 14.000 oppkøyringar var avlyst.

– Det har ikkje vore nokon grunn for å ta lappen før nå, seier Simon Dahlby (26) frå Jølster i Sunnfjord kommune.

Han har dei siste åra budd i Oslo og Bergen, kor han reiste kollektivt. Tilbake på heimlege trakter merka han raskt eit behov for førarkort.

– Det er nok først våren 2022 at det verste trykket lettar, seier Årbogen i Trafikkskoleforbundet.

Ingvar Lysholt er trafikklærar ved Pers trafikkskole i Førde, og har fleire gonger under pandemien måtte seie nei til nye elevar.

– Det er ikkje ei god kjensle å takka nei til nye kundar, seier han.

Fagkonsulent Norges Trafikkskoleforbund, Øyvind Årbogen

NOK Å GJERE: Øyvind Årbogen ved NTSF har overblikk over trafikkskolebransjen i landet. – Eit veldig trykk på trafikkskolane, seier han.

Foto: Norges Trafikkskoleforbund

Verre i byane

Årbogen poengterer at bransjeforbundet ser forskjellar mellom by og land på kor stort trykket er på trafikkskolane.

– Det er lågare på mindre stader, seier han.

Bakgrunnen er at det i landlege strøk ikkje er smittevernomsyn i kollektivtransporten som driv elevar mot trafikkskolane.

I Førde stadfestar Lysholt at dei er betre stilt enn i dei større byane.

Han legg til:

– Eg opplever at det store trykket omsider har begynt å minke noko.