Hopp til innhold

Avbestillingane tikkar inn – reiselivet uroa for langvarig korona-utbrot

Reiselivsnæringa ventar fleire kanselleringar mot sommaren og fryktar utbrotet av koronaviruset skal råke bransjen hardt.

Cruiseskipet Britannia på veg til kai i Flåm

MANGE BESØK: Turistane strøymer til cruisedestinasjonar som her i Flåm. No er reiselivet spente på konsekvensane av virusutbrotet.

Foto: Jan Christian Jerving

I fjor var det vel 29.000 gjestedøgn med kinesiske turistar på Vestlandet i perioden januar – mai.

No er reiselivsnæringa uroa for at utbrotet av koronaviruset globalt kan påverke turistane sitt reisemønster i 2020.

Dei kortsiktige konsekvensane er at det er utreiseforbod frå Kina, noko som gjer at reiselivsbedriftene får avbestillingar no i vinter og utover våren.

– Eg har ikkje fått undersøkt med alle dei store hotella, men eg veit det er stor uro, seier marknadsdirektør Britt Dalland i reiselivsselskapet Fjord Noreg.

Har fått inn fleire avbestillingar

Reiselivsselskapa Flåm AS og Fjord Tours, som har Vy, Tide og Fjord1 som dei største eigarane, har fått inn fleire avbestillingar.

– Vi får krysse fingrane for at denne epidemien trekkjer seg tilbake fortast mogleg, seier dagleg leiar Steinar Aase i Fjord Tours, som har fått 30 avbestillingar.

– Ti prosent av alle våre gjestar er frå den kinesiske marknaden. Det er klart at om utreiseforbodet strekkjer seg ut over sommaren, vil konsekvensane bli vesentleg større, seier sals- og marknadsdirektør i Flåm AS, Øyvind Holsen.

Selskapet har fått kanselleringar frå to større reisegrupper, men Holsen trur det kjem fleire.

Kinesiske turistar i Flåm

POPULÆR UTFART: Om lag 10 prosent av turistane som kjem til Flåm er kinesarar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Virusutbrot på cruiseskip

Så langt er nesten 31.5000 smitta av viruset og 636 personar har døydd, ifølgje oppdaterte tal.

Det er førebels ikkje rapport inn avbestillingar utover det kortsiktige, ifølge Fjord Noreg.

Men det er som vanleg venta svært mange turistar til cruisehamnene i Noreg til sommaren.

Utanfor Japan ligg no cruiseskipet «Diamond Princess», som no i alt har 61 personar som har testa positivt på koronaviruset. Dei øvre 3700 passasjerane må halde seg på lugarane sine.

I Flåm i Sogn kjem det årleg over éin millionar turistar.

Mange sjekkar på nettet

Sjølv om det framleis kjem inn bestillingar, ser Aase i Fjord Tours at det er færre kinesarar som bestillar ferietur, sjølv om mange er inne på nettsidene for å sjå.

– Kor uroa er du for situasjonen framover?

– På ein skala frå ein til ti vil eg seie fem. Kald på eine foten og varm på den andre.

I Nordfjord har dei også merka konsekvensane. Oldedalen Skyss fekk dei første avbestillingane frå Kina førre helg, skriv avisa Fjordingen.

Også reiselivsbedrifter i Nord-Norge fryktar at dei vil få mange avlysingar og store økonomiske tap når kinesiske turistar blir nekta utreisevisum frå Kina.