Korgreddaren

Korgflettarkunsten er i ferd med å gå i gløymeboka her i landet. Det vil Hege gjera noko med.

Like ved huset på Fykse i Kvam er Hege Iren Aasdal på leit etter ressursar i naturen.

Ressursar som vi andre berre går forbi.

Ulike tresortar kan nyttast, men i dag er ho på leit etter hassel. Helst så beine pinnar som mogleg.

For desse pinnane skal til slutt bli til ei korg.

Hege er nemleg korgmakar.

Eit av verdas eldste handverk som er i ferd med å forsvinna her i landet.

Men no vil ho vidareføra kunnskapen.

Hege har stipendiat ved Norsk Handverksinstitutt.

Og skal læra alt ho kan om korger.

«Kva skal me gjera om vi berre har korger på museum. Om ingen veit kva det er laga av eller korleis me lager dei?»

Hege Iren Aasdal

Hege reiser rundt i landet for å læra vekk teknikken. Venninna Margit Skurtveit har vore på kurset hennar.

Hege sitt spesialområde er fletta korger i splitta materiale. Lik den tradisjonelle teknikken bøndene nytta.

For rundt omkring i bondesamfunna laga dei eigne korger som dei nytta til alt mogleg. Men i dag er det få igjen som kan flettekunsten.

Med ein spesiell teknikk og ein litt ukjent benk knekker Hege pinnen, ved å bøya den slik at årringane slepper. Og ut kjem det band.

Med ein kniv deler ho banda slik at dei blir så tynne som mogleg.

Dei må vera jamne, mjuke og føyeleg nok til å flettast.

Først må ho sette saman botnen på korga. Slik at den kan stå godt.

Så er flettejobben i gang.

Det å fletta ei korg er umogleg å gjera med maskin.

Alle fletta korger må bli laga av hender.

Ho kan trylla fram gjenstandar som før var daglegdags i dei tusen heim. I dag eit mykje gløymd handverk.

«Det er mykje korger på interiørbutikkar, så eg trur korgbehovet er stort. Eg håpar det er fleire som blir gira på å laga korger. »

Hege Iren Aasdal

Fleire timars arbeid er over.

Til slutt er ei lita aktarkorg ferdig.

DISTRIKTSREDAKTØR NRK VESTLAND

Dyveke Buanes
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal