Hopp til innhold

Kor godt kjenner du landet vårt?

Test deg sjølv med "Landet frå lufta" sin geografiquiz.

Dronningstolen i Flydalsjuvet, med utsikt over Geiranger og Geirangerfjorden

Dronningstolen i Flydalsjuvet, med utsikt over Geiranger og Geirangerfjorden.

Foto: Løvland, Marianne / NTB scanpix

Noreg er djupe fjordar og høge fjell. Det er travle byar og idylliske tettstadar, vide vidder og tronge gjel.

I serien «Landet frå lufta» får du oppleve landet vårt som du aldri har sett det før. Gjennom seks episodar får vi sjå landet frå nord til sør, frå fjell til hav.

Du har kanskje vore på fleire av desse plassane før. Men kan du kjenne deg igjen? Klarer du å sjå kvar bileta er ifrå? Er du ekspert på Noreg?