Hopp til innhold

Kor god er Klassequiz-generalen?

Klassequiz-general Erlend Blaalid Oldeide vart tydeleg nervøs då han sjølv fekk testa kunnskapen. Trur du han greidde alle spørsmåla?

Erlend Blaalid Oldeide

SVARAR HAN FEIL? Erlend Blaalid Oldeide trivst betre med å stille spørsmåla enn å svare på dei.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Dei siste månadene har han reist rundt til alle krikar og krokar av Sogn og Fjordane for å teste kunnskapen til 10.-klassingane i fylket. Fire lag har kvalifisert seg til fylkesfinalen i Klassequizen og onsdag ettermiddag brakar det laust.

– Dei kan meir enn vi trur, det har dei bevist, seier ein tydeleg imponert Erlend Blaalid Oldeide.

Men kor god er han eigentleg sjølv? Hadde han kome langt om han hadde blitt testa i liknande spørsmål som dei som 10.-klassingane har fått bryne seg på?

– Nei, det trur eg ikkje eg kunne greidd, seier han lattermild.

NRK-programleiarane Eli Eikenæs Vengen og Stian Sjursen Takle sette like godt quizgeneralen på ei aldri så lita prøve.

Her er spørsmåla han fekk:

  • Kva heiter eidaren som spelte på Sogndal fram til i haust?
  • Kva fylke grensar Sogn og Fjordane til?
  • Kva heiter Norges vestlegaste by?
  • Kva heiter den djupaste fjorden vår?
  • Kva heiter den tidlegare kjærasten til Tone Damli?
  • Kven gjorde reint bord ved valet i fylket i 1884?
  • Kor mange fjelltoppar har vi over 2000 meter?
  • Kor tid fekk Sogn og Fjordane eigen fiskerisjef og kvar var han stasjonert?

Høyr lydklippet frå utspørjinga over og finn ut korleis Erlend Blaalid Oldeide gjorde det. Sjølv er han godt nøgd, men vedgår at han fekk kjenne på nervane.

– Eg var veldig nervøs, men eg gjorde det betre enn eg hadde trudd.

Sjå finalen direkte på nett

Onsdag ettermiddag kan du både sjå og høyre fylkesfinalen i Klassequizen. NRK sender direkte i Nett-TV og på radio frå klokka 14.20. Du følgjer sendinga på våre nettsider www.nrk.no/sf og i vår ettermiddagssending på NRK P1.

– Då er det eg som skal stille spørsmåla, det er mykje meir behageleg, seier Blaalid Oldeide.

Først er det Årdal og Vik som skal i elden, før Jølster og Førde møtes til dyst. Etterpå møtest Sogn og Sunnfjord for å endeleg avgjere kven som er dei smartaste av 10.-klassingane i fylket.

For laget som blir fylkesvinnar ventar ein tur til Oslo og landsfinalen, som blir send på TV, på NRK1 laurdag 11. mai. Vinnarlaget frå Sogn og Fjordane møter 18 andre skarpskodde lag.

Sjå semifinalane og finalen i Klassequizen 2013 - direkte frå Sogndal vidaregåande skule. Dei som møtast til kamp er elevar frå Flatbygdi skule, Farnes skule, Vassenden skule og Førde ungdomsskule.

SJÅ FINALEN i NETT-TV: Sjå semifinalane og finalen i Klassequizen 2013 – direkte frå Sogndal vidaregåande skule. Dei som møtast til kamp er elevar frå Flatbygdi skule, Farnes skule, Vassenden skule og Førde ungdomsskule. På biletet: Tony Lie, Edin Øy og Edvard Merkesvik frå Farnes skule.