Parallellt med politietterforskinga vurderer helsestyresmaktene no om ho fekk tilstrekkeleg helsehjelp i tida før ho forsvann.
Vi vil ha best mogleg grunnlag for å vurdere saka, seier Helene Myre hos Fylkesmannen i Hordaland, som behandlar tilsynssaka.
– Vi såg at politiet hadde dokumentasjon som kunne vere relevant for oss, så for å få saka best mogleg opplyst og dokumentert så innhentar vi det politiet sit med.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Fylkesmannen i Hordaland
Veronica Heggheim Stegegjerdet blei funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal i fjor haust, etter ein omfattande leiteaksjon. Sidan ein tilsett hos fylkeslegen i Sogn og Fjordane tidlegare har jobba med den avdøde kvinna som pasient, gjekk saka vidare til Fylkesmannen i Hordaland.
Parallellt med politiet si etterforsking granskar dei no om helsehjelpa til kvinna var forsvarleg i tida før ho forsvann.
– Vi granskar både om jenta har fått forsvarleg helestenester frå kommune og spesialisthelseteneste, men også om samhandlinga og kommunikasjonen har fungert godt nok mellom dei ulike nivåa og innan dei ulike tenestene.
– Alvorleg
Politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar at dei har fått oppmoding om å bidra med opplysingar i tilsynssaka. Utover det ønskjer ho ikkje å kommentere dette no.
Helene Myre hos Fylkesmannen i Hordaland legg vekt på at dei ser alvorleg på saka, og det er også årsaka til at det har teke tid å kome til ein konklusjon.
– Det som har skjedd er alvorleg, og det er grunnen til at vi vil gå breitt ut og sjå på alt vi kan sjå på, og at vi har gjort ein så grundig jobb som vi kan.