Kontroll på brann i garasje på Sotra
Politiet melder om brann i ein garasje i Øyavegen på Sotra. Klokka 19.05 melder brannvesenet at dei har fått slått ned flammar og har kontroll på brannen. Tidlegare var det full overtenning i garasjen. Ein bil står inne i garasjen og ein trebåt står rett utanfor. Næraste hus står 30 meter unna. Det er ikkje meldt om skadde personar.
– Brannen spreidde seg litt til terrenget, men det vart ikkje kritisk, seier vaktkommandør i 110 Vest Lars Petter Lorvik.