Hopp til innhold

Kontroll i Førde

Tre førarar vart melde til politiet då Statens vegvesen i går hadde kontroll i Førde. Ein av dei vart meld for ulovleg transport av farleg gods, ein for manglande førarrett og ein for å stikke av frå kontrollen. Han vart henta innatt av politiet. I tillegg vart det utferda seks bruksforbod.