Hopp til innhold

Konrad (87) er einaste attlevande av Tunold sine modellar

HORNINDAL (NRK): Konrad Gausemel (87) er truleg den einaste attlevande som har sitte modell for vestlandskunstnaren Bernt Tunold (1877-1946).

Konrad Gausemel

HER: Konrad Gausemel (87) ved grua der han sat modell for Bernt Tunold.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er ikkje mykje eg hugsar, men eg var ikkje byrja i skulen. Eg minnast at eg helst ville ut for å leike. Eg var nok litt lei meg som måtte sitte der og vente på at han skulle bli ferdig, humrar Konrad Gausemel.

Konrad Gausemel

HUGSAR: Konrad Gausemel hugsar berre litt frå vestlandskunstnaren sitt besøk i Hornindal.

Foto: Harald Kolseth / NRK

87-åringen viser NRK rundt i den langstrakte røykstova, der han saman med mor si Ragnhild sat modell for vestlandskunstnaren Bernt Tunold.

– Det vart lange dagar med mykje venting. Han gjorde ferdig delar av biletet og kom opp att på dagtid for å måle det ferdig. Han låg nede på hotellet, fortel Gausemel.

– Finaste eksempel

Mangeårig kulturjournalist og redaktør i BT, Jan Landro, har gav i haust ut bok om vestlandskunstnaren.

Han meiner måleriet frå røykstova i Hornindal er eit svært typisk Tunold-måleri.

– Han måla mest av alt landskap, men frå 1920-talet og utover laga han også ein del interiør. Dette røykstovebiletet, og biletet frå Raftevoll Hotell er noko av dei finaste eksempel på hans interiørbilete. Slike bygningar og rom interesserte Tunold i svært høg grad, seier Landro.

Mistreivst i Bergen

Landro reknar Tunold som ein av dei fremste vestlandsmålarane. Kunstnaren vart fødd på Selja i 1877, men flytta til Bergen i 1900. Sjølv om han mistreivst stort, var det her han hadde adressa si det meste av livt.

Samstundes reiste han Vestlandet rundt, frå Sunnmøre i nord til Indre Ryfylke i sør, og måla. Deriblant også Hornindal.

Konrad Gausemel leste i boka ved sidan av mor si då dei sat modell for Bernt Tunold.

MODELL: Konrad Gausemel og mor hans Ragnhild, sat ved grua då Bernt Tunold måla dei.

– Han oppheldt seg ikkje lenge nokon stad, så han følte seg heller ikkje heime nokon stad. Store delar av hans vaksne liv, følgde framandkjensla han som ein skygge, fortel Landro.

I skuggen av Astrup

Tunold var ven av den meir kjende Nikolai Astrup, men måtte finne seg i å leve i skuggen av Jølster-kunstnaren. I Astrup sine verk fekk Tunold ei openberring, at det Vestlandske landskapet var eit fullverdig motiv for måling.

I 1911 stilte begge ut i Christiania. Astrup i januar og Tunold i mars. Dette gjorde at hovudstadskritikarane samanlikna Tunold med Astrup.

– Også han hadde vestlandslandskap, og då vart det lett for kritikarane å sjå på Tunold som ein Astrup-epigon, seier Landro og legg til:

– Så skal det også seiast at Astrup på det tidspunktet låg eit hestehovud framfor Tunold i utvikling, seier han.

Slottet har to verk

Motivet frå røykstova i Hornindal er i dag eitt av kring 750 kjende arbeid av Tunold. Dei aller fleste er i private hender. Enkelte av desse i Sogn og Fjordane.

Unntaket er dei kring 20 verka som Kode i Bergen har, dei tre som Nasjonalgalleriet har og to verk som heng på Slottet.

– I samband med 40-årsjubileet for Kong Haakon 7. som Norges regent, sende både Hordaland og Sogn og Fjordane kvar for seg verk frå Tunold i gåve, seier Landro som helst skulle sett meir av Tunold også hos Sogn og Fjordane kunstmuseum.